
Oversiktleg og informativ kunstutstilling i Finstuå

Bildet t.h.: Nils med munnharpa
Kallastuå
- Kalla har rett nok sitt eige galleri, Kallastuå, der kunsten blir vist fram, men vi trur at enno fleire får gleda av å sjå kunstverka ved å bruka Finstuå, seier kulturhusleiar Karstein Telstad.
Utstillinga i Finstua i Surnadal Kulturhus vil stå i perioden 10.-25. mai.
Denne gongen blir det produksjonen hennar frå 50-talet og fram til ho avslutta på 90-talet. Det blir ei blanding av oljemåleri, mosaikk og pastellar.
No er dørene til Finstuå opna og du kan ta turen innom og sjå bilda i fred og ro!
Kalla Skrøvseth vart født i Surnadal i 1913, og døydde i heimkommunen sin i 1997. Ho var elev ved fleire målar- og kunstskular i inn- og utland. Ho har ein enorm produksjon bak seg, og arbeida er spreidde over heile Norge og i andre land.
Arbeida hennar varierer frå små pastellar til gigantiske altertavler. Motiva varierer frå enkle stemningar i nærmiljøet til sentrale symbol frå Bibelen. Kalla har hatt ei rekkje utstillingar, og i 1979 fekk ho fylkeskulturprisen i Møre og Romsdal.
Den faste utstillinga i Kallastuå har opent heile juli månad, onsdag og torsdag kl.13:00 - 17:00.
Tilstades under opninga var desse tre som Kalla Skrøvseth var tante til: Nils Røv, Signe Våler, Martha Havdal og Randi Skrøvset Hatle.

.png)

