På glattisen
I dag var det skuleelevane ved Mo Oppvekstsenter i Surnadal som var ute på glattisen! Eva Dalsegg og Marit Bakk hadde tatt med seg alle elevane til Tjønna der dei boltra seg over heile isflata!
Vi så barn på skeiser både nært og langt ute på isen, så i kveld er det kanskje nokon som kjenner det i beina...
Mange hadde også tid til å slappe av - eller kvile seg. Det var fyr i grillomnen, så det var nok grilla pølser også.
Men målet med dagen var å gå på skeiser!
Det såg ut som alle hadde hatt ein triveleg dag, og at dei fleste hadde fått gått nok på skeiser denne dagen. Kanskje dei tek turen hit eller til eit anna islagt vatn fleire gonger før snøen kjem?
Tekst/foto: OleT

.png)

