Sokneprest Lene Gåsvatn på preikestolen i Rindal kirke

På låven sitter nissen og er gjerrig.

 

 

På låven sitter nissen og er gjerrig.

 

- for han er jo ganske egoistisk, nissen? «For ingen, ingen vil jeg dele med!» seier nissen. Skal me finne julegleden som englane song om på ekra utanfor Betlehem, må me gå ein annan plass enn på låven. Nissen får få vera i fred der. Men i stallen, då? Det kan vera Jesus har vakse ut av krubba. Endå eit alternativ finst, jfr preika frå gudstenestane for skular og barnehagar i Kapellet og Rindalskyrkja siste skuledag før jul. Preika les du her:

 

Skulegudsteneste i Rindal 2013.

 

Eg er ganske sikker på at det var masse virak og styr då de vart født. Mange visste at mor dykkar hadde kul på magen. Når de så hadde kome ut, var det ein kjempegod nytheit. No har babyen kome! Og ho er så fin, den finaste jenta i heile verden! Og sjå på den vesle guten der, han er jo berre så god!

 

Og så blir det glede så stor at kanskje både foreldra dykkar og besteforeldra dykkar måtte gråte ein skvett. Berre fordi dei var så glade.

 

Det kan godt vera det var slik i stallen i Betlehem også. Maria og Josef var berre åleine i stallen mens ho fødde. Med okse der og asen stod, som det står i julesangen.

 

Men det er ikkje så lenge Maria og Josef får vore åleine med den heilt nyfødte babyen sin. Det er til og med englar som syrgjer for at dei får besøk der i stallen.

 

Englane kjem til ekra som ligg utanfor Betlehem og snakkar til gjetarane som er ute og passar sauene sine.

 

Kva seier vel ikkje engelen, anna enn at denne vesle guten som er født i ein stall – han er ei glede for alle folk?!

 

Tenke seg til: Der har det kome til verden ein gut som er ei glede for alt som finst av menneske – ikkje berre for mamma og pappa, bestemor og bestefar.

 

Og er gleden for alle folk som finst i heile verden, må det jo vera vår glede også?

 

Eg er ganske sikker på at mange av dykk har sunge sangen På låven sitter nissen med sin julegrøt.

 

Har de tenkt på at nissen er ganske gjerrig? Han seier jo tydeleg: For ingen, ingen vil jeg dele med. Rottene får gå og finne seg mat sjølv, og det klarer dei nok.

 

Når englane kjem og landar på ekra utanfor Betlehem, finst dei ikkje gjerrige. Snarare tvert imot: Dei vil at alle skal få del i den gleden det er at Jesus er født.

 

Så byrjar det med nokre fattige, frosne og møkkete gjetarar som fèr med sengamat utan at dei har såpass som eit par hekla babylestar å koma med. Det kan gjerne vera dei har ete opp nista si tidlegare på kvelden, så dei ikkje har med seg så mykje som ein flatbrødbit.

 

Men like fullt: I stallen er gjetarane hjarteleg velkommen. Vær så god, her er han englane song om ute på ekra i natt, det er berre de tek inn over dykk gleda som er for alle folk.

 

Og veit de: Slik er det fortsatt! Fortsatt er det slik at me kan gle oss over at Jesus er født.

Han er ein glede for alle folk – og veit de: Denne gleda går aldri ut på dato. Gleden over at Jesus er født kan me bruke på to måtar samtidig:

 

Me kan gjera som Maria og gøyme den i hjarta.

 

Og me kan gjera som gjetarane, at me fèr til Jesus der han er å finne.

 

Då kan me ikkje gå til stallen, for Jesus har vokse ut av krybba for lengst. Ikkje kan me gå på låven, for då ertar me nissen. Han trur sikkert berre at me vil ha av grauten hans, stakkars gjerrigknarken.

 

Kvar me skal finne gleden over at Jesus er født? Me kan finne den gleden i hjarta vårt. Me kan finne gleden i julesongane og juleevangeliet. I det heile teke: Gleden over at Jesus er født kan me finne kvar gong me tenkjer på det. Ikkje berre i jula, men i heile året og heile livet.