På øving med Surnadal folkedanslag
Kvar tysdag kveld i vinterhalvåret møtest dei fleste av medlemmane i Surnadal folkedans til leik og dans i gymsalen på Surnadal ungdomsskule. Her er alle velkomne til å vere med og ta seg ein svingom.
Dans er god trim
Trollheimsporten tar turen innom på ein av øvingskveldane. Her er det fulll aktivitet og god stemning, med dans til levande trekkspelmusikk av Oddmund Solem. Han har vore med og spelt i mange år, og kan alle dansane.
- Dette er god trim. Vi dansar så vi blir både heit og svett, smiler Reidunn Halle. Det er ho som er leiar i folkedanslaget.
Vil gjerne har fleire, og yngre, medlemmar
Laget har vore i full sving sidan det vart stifta i 1965, som Surnadal leikarring. Og tre av dei som var med den gongen er framleis med i laget. Mange av dei som er med no har vore med lenge, og er godt oppe i åra. Så det hadde ikkje skada med fleire, og gjerne litt yngre, medlemmar. Det er ope hus på øvingane, så alle som har lyst til å prøve er hjarteleg velkommen innom!
Surnadal folkedanslag har om lag 40 medlemmar, og det er jamt over 30 på kvar øving. Her er det mange ivrige dansarar, det er lett å sjå.
Ikkje leikarring lenger
Reidunn Halle fortel at laget starta som leikarring. Den gongen var det mykje folkeviseleik. Det er det ikkje no lenger. Laget har skifta navn til Surnadal folkedanslag, sjølv om det heller ikkje er heilt dekkande. Dei dansar ein del turdansar, der ein dansar i ring og skiftar partner. Det er nesten like mange karar som kvinnfolk i laget, men det hendar at ei eller to av damene dansar kar.
- Vi har hatt fleire leiarar og instruktørar med oss tidlegare, men no deler vi på den jobben, fortel Reidunn Halle. - Vi dansar vanleg gammaldans, sving og turdansar, og reinlendar og valsetrinn med variasjonar.
Legg meir vekt på det sosiale
Ho fortel at laget har lagt meir vekt på det sosiale dei siste åra, og det har vore vellukka. Det er godt oppmøte på øvingane. Dei dansar ei stund, så tek dei kaffepause, og så dansar dei igjen.
Dei har òg vore på fleire sommarturar opp gjennom åra, blant anna har dei vore på Røros for å lære Rørospols.
Medlemmar frå Rindal og Orkdal
Surnadal folkedanslag har nokre medlemmar frå Rindal, og dei har til og med medlemmar frå Orkdal. Trond Berbu bur på Svorkmo i Orkdal. Han fortel at han kom i kontakt med nokre av desse danseglade folka på gammeldansfest i regi av Orkdal trekkspillklubb. Eit folkedanslag som dette finst ikkje i Orkdal, så han kjører til Surnadal for å danse ein gong i veka.
Det er greit å ta ein pause i dansinga. F.v. Tor Mogstad, Gunnhild Mogstad, Brynhild Engen Bævre og Ola Halle.
Mange gode minne
Tor Mogstad har vore med i laget frå starten. Han fortel at laget vart stifta på initiativ frå bygdeungdomslaget, AUF og Losje Tordenskjold i 1965. Den gongen var laget ein del av Noregs Ungdomslag, men dei meldte seg ut av ungdomslaget i 2013.
Han har mange gode minne frå aktivitetar han har vore med på i laget. Dei har vore på fleire turar opp igjennom åra, både i inn- og utland. I 1982 var dei på tur til Polen, under kommuniststyret. Dette var ei reise som gjorde inntrykk. Alt var grått og trist i Polen på den tida, fortel han. Folkemusikkgruppa Hørkelgaddan var og med på turen til Polen, og det var moro.
Song, musikk og dans for dei unge
Brynhild Engen Bævre fortel at ho har vore lærar, og at ho er oppteken av av barn og unge skal lære song, musikk og dans. Ho anbefaler å ta ein titt på nettsida folkepedia.no, der ein kan sjå mange slags dansar for barn og unge.
Alle er velkomne
Surnadal folkedanslag har øvingar i gymsalen i vinterhalvåret, frå 1. september og ut april. Det er ikkje krav om medlemskap for å være med på ei øving eller to. Øvingane er opne for alle, så det er berre å komme innom.
Surnadal folkedanslag feira 50-årsjubileum i 2015 (Foto: Lediard)