Filmen Over Stokk og stein 2012 081_1024x768

På raud løpar ved Surnadal sjukeheimen

Raud løpar var lånt inn for anledninga da det nyleg var filmpremiere ved Surnadal sjukeheim. Filmen som for første gong vart vist for eit publikum, var laga av Eistein Bæverfjord og hadde tittelen «Over stokk og stein». Den var inspirert av Lars Monsen og TV-serien «Uten grenser», og handla om rehab-avdelinga sin tur til Årnestrøa tidlegare i haust.

Til høgre ser vi Eistein Bæverfjord og Trine Glåmen før dei set i gang filmen.Foto: Maybrit Hakstad

Tur til Sjøflotten
Initiativtakar til turen var leiar for rehab.avdelinga, Trine Glåmen, som også planla gjennomføringa av turen saman med sine tilsette. Den 21. september drog tilsette og tidlegare brukarar ved rehab.avdelinga og Frisklivssentralen i Surnadal til Sjøflotten der gammelvegen til Årnes går oppover. Derifrå bars det for eiga maskin den ca ein kilometer lange turen opp til Årnestrøa. Verken rullatorar eller rullestolar hindra dei i å nå målet. Filmen følgjer turdeltakarane frå dei starta på sjukeheimen til dei var tilbake igjen på Sjøflotten og avslutta dagen med bålbrenning og eit velfortent utandørsmåltid.

Ein får til mykje med trening
Eit hovudføremål med filmen er å vise at det går an å trene seg opp og koma seg ut igjen sjølv om ein har opplevd ein ganske kraftig helsemessig nedtur. Sjølv om filmen viser at turen baud på store utfordringar for dei som var med, viser den også mykje glede over opplevingane turen gav. Kanskje var det for mange eit gjensyn med ein del av livet dei trudde dei ikkje skulle få oppleve meir?

Det var i samband med rehab-veka 2012 filmen hadde premiere. Det er første gong Surnadal har vore med på rehab-veka, men dei har i år markert denne gjennom fleire arrangement.

I ettertid har også andre ved Sjukeheimen fått sjå filmen, og den er vist for «Eldre hjelper eldre» på Kulturhuset. Dersom andre lag eller foreningar er interesserte i å sjå filmen, kan dei kontakte Trine Glåmen på rehab.

 

Filmen Over Stokk og stein 2012 085_1024x768
Fornøgde filmstjerner på tur inn til film på raud løpar. Foto: Rehab.
Filmen Over Stokk og stein 2012 087_1024x768
Eistein Bæverfjord kan løfte glaset for nok eit godt gjennomført filmprosjekt. Til høgre for han smiler initiativtakar til det heile, Trine Glåmen, fornøgd. Foto: Rehab
Filmen Over Stokk og stein 2012 102_1024x768
Medverkande i filmen, slekt, tilsette i helsetenesta og brukarar av Dagsenteret overvar filmporemieren. Foto: Rehab.
Filmen Over Stokk og stein 2012 081_1024x768
Gerd Marie Bævre på den raude løparen. Laila Ulvestad står klar med boblande dråpar. Foto: Rehab.