Norunn Holten Salvatna 2

På StikkUT-tur til Salvatna

Kva er StikkUT og Morotur? - Først og fremst eit lågterskeltilbud som passar for dei aller fleste, meiner Norunn Holten. Trollheimsporten var med på tur til Salvatna på Nordmarka.


StikkUT – for rindalingar òg

StikkUT er eit turopplegg i regi av Friluftsrådet i Nordmøre og Romsdal, der Surnadal kommune deltar. Men Norunn Holten vil gjerne presisere at StikkUT er tilgjengeleg for rindalingar og. Rindal har Fjelltrimmen og fleire barnevenlege turmål som er svært populære. Men StikkUT og Morortur kan gje eit utvida lågterskeltilbud, for dei som ønsker det. Tilbudet er gratis.

I Surnadal har dei 12 StikkUT-turar i år, fordelt på dei ulike grendene og i ulik vanskegrad. Nokre av desse turane vil bli bytta ut kvart år, og erstatta med nye turar i StikkUT-opplegget. Men turane blir ikkje borte, dei vil framleis vere skilta og tilgjengelege gjennom Morotur.

Når du har vore på 7 av StikkUT-turane kan du kjøpe StikkUT-koppen, som eit synleg bevis.


Her finn du StikkUT for Nordmøre og Romsdal på nett: http://www.stikkut.no/nr


Registrer turen på nett – eller ikkje

Når du er med på StikkUT kan du registrere deg på nett, og du kan logge inn og registrere turmåla du besøker. Det er gratis. Du kan òg bruke appen Morotur til dette. 

På turmålet finn du ein kode av tal og bokstavar som du registrerer. Men det er og ei bok på turmålet, der du kan skrive navnet ditt. Norunn fortel at det er mange som går StikkUT-turane utan å vere registrerte på nett.

- Det at ein kan registrere aktiviteten på nett har nok gjort turane meir populære. Vi ser at det er mange fleire som besøker turmåla etter at dei har vorte med i StikkUT, sier Norunn Holten.
 

Enda fleire turar med Morotur

Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som står bak Morotur. Her finn du alle StikkUT-turane, og mange fleire turar. Namnet «Morotur» er eit ordspel på Møre og Romsdal. Om du vil kan du laste ned appen til Morotur. Der finn du beskriving av StikkUt-turane, og du kan registrere dei turmåla du har vore på.

Men du finn mange fleire turar her. Her kan frivillige sende inn beskriving av turar dei anbefaler. Det er registrert fleire Moroturar i Rindal og:

Morotur.jpg
Eit variert utval av Moroturar i Rindal og Surnadal


Morotur finn du her: http://mrfylke.no/Morotur/Heim


Salvatna på Nordmarka

Måndag kveld var vi med Norunn Holten på StikkUT-tur til Salvatna. Dette er ein av dei nye turane i år. Turen er skilta fra Dalseggvegen. Det er bomveg. Oppe på Nordmarka finn ein parkeringsplassen godt skilta. Den første biten går langs traktorveg, og det meste av turen går langs ein tydeleg sti som er oppmerka og skilta. Heile fotturen er på ca 4,5 km.

Salvatna 1.jpg
Her på Nordmarka startar turen til Salvatna. Det raude skiltet viser at dette er ein StikkUt-tur. Parkeringsplass til høgre for bildet.

Tur til Salvatna 2.jpg
Etter turbeskrivinga er det nok dette som er Saltjønna.

Utsikt Nordmarka.jpg
Midtvegs - Flott utsikt mot hytteområde på Nordmarka.

Tur til Salvatna 1.jpg
Norunn har med hunden sin på tur.

Trimposten.jpg
Fleire turgåarar og hundar møttes på trimposten. Ingrid Engdal, Jorunn Engdal Storholt, Johan Røttereng og Norunn Holten.
 

Denne kvelden var det overskya, men opphaldsver. Vi møtte fleire andre turgåarar, og nokre av dei hadde med fiskestong. Det skal vere fin fisk å få på Salvatna, og det er gode fiskevatn lenger inne på Nordmarka òg, fekk vi høre.

Salvatna 2.jpg
Her er ein fin sitteplass ved Salvatna.

Norunn Holten Salvatna 1_690x417.jpg
Ved Salvatna
 

Salvatna er er verkeleg ein fin plass, med flott utsikt til fjelltoppar i fleire retningar. Denne turen kan vi anbefale!
 

Varierte turar

- Desse turane skal vere lågterskeltilbud der folk flest kan delta. I Surnadal har vi alt frå Svinvikrunden og Kallset, der ein kan komme fram med elektrisk rullestol og med barnevogn, til toppane Hjelmen, Sula og Knyken, fortel Norunn Holten. - Langvatnet og Bjorvollen trur eg òg kan gå med barnevogn/sportsvogn.
 

Frivillig arbeid

Norunn er ansatt i kulturavdelinga i Surnadal kommune, og arbeider ein del med turopplegg og friluftsliv i kommunen, bl.a. med 52-17 Søndagsturen og StikkUT. Saman med mange andre har ho òg lagt ned ein del frivillig arbeid m.a. med å merke opp turane.

- Det skal vere enkelt å berre «stikke ut» ein tur, seier Norunn. - Det har heldigvis vorte meir akseptert at ein kan nyte friluftslivet utan å klive opp på dei høgaste toppane. Det viktigaste er at folk kjem seg ut på tur!
 

Turar i Surnadal på Trollheimsporten

Her finn du Norunn Holten sin oversikt over turar i Surnadal, med turbeskriving, på Trollheimsporten: 
Turar i Surnadal

Artiklane er frå 2012, men turane er nok like fine enda. Nokre av desse turane danna grunnlaget da Surnadal vart med i StikkUT i 2014.