Stavgangstur til Brøskjehagen 03

På tur i ”gaupeterreng”

Fredag 2. mai skulle stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag på tur til Brøskjehagen i Stangvika. Om morgonen vakna vi til kald vind med snøvèr, og det spøkte for at i dag ville ingen møta opp. Men etter kvart letta snøvèret, og i eitt-tida, da vi starta marsjen, var det 18 glade vandrarar som la i veg utover mot Brøskjehagen. Her i Stangvika var våren komen langt, med grøne ekrer og blomstrande frukttre.

I Brøskjehagen var vi så heldige å få Else Margrete Haugen til å fortelja om gaupa ho hadde hatt på besøk for ein månad sidan. Ho viste oss nokre av dei flotte bilda ho hadde teke av henne på berre 20-30 meters avstand. Ein gong fekk Else Margrete tilmed teke bilde av henne medan kveldsola skein!

Etter kvart strøymde det på med ivrige naturfotografar, som òg håpa å få eit bilde av det vanlegvis sky rovdyret, og som kom attende kveld etter kveld.

Vi avslutta turen med kaffepause i gapahuken ved Svissholmen.

Her er noen bilder fra turen:

Stavgangstur til Brøskjehagen 01_700x466.jpg
Våren var alt komen langt på Brøskja. Dette kirsebærtret har lenge stått i full blomst.

Stavgangstur til Brøskjehagen 02_700x466.jpg
18 glade vandrarar i bakken opp mot Skaråkeren.

Stavgangstur til Brøskjehagen 03_700x467.jpg
”Sjå kor grønt det er her!” sette dei i å ropa. 

Stavgangstur til Brøskjehagen 04_700x466.jpg
”Der stod gaupa”, seier Else Margrete Haugen og peikar. 

Stavgangstur til Brøskjehagen 05_700x467.jpg
Gaupa leitar etter rådyret som ho hadde drepe natta før. Med det var alt fjerna så Lars Olav Lund skulle få sjå bitemerka. 

Stavgangstur til Brøskjehagen 06_700x467.jpg
Dagen etter hadde Ivar Melkild lagt rådyret på plass att. Her ligg gaupa og et medan Else Margrete får mange fine blinkskot med kameraet sitt. 

Stavgangstur til Brøskjehagen 07_700x466.jpg
Ola Halle, Randi Sogge, Reidunn Halle og Jorunn Ness på tur attende til Brøskja.

Stavgangstur til Brøskjehagen 08_700x466.jpg
I gapahuken på Svissholmen. Bjørg Bruset skjenkjer i kaffe. Vidare rundt bordet sit Per Bruset, Gunnvor Sæter, Anders Sæter, Anne Marie Ranes, Svein Ranes og Sigrun Ørsal. 

Stavgangstur til Brøskjehagen 09_700x466.jpg
Kaffepause i gapahuken. 

Stavgangstur til Brøskjehagen 10_700x466.jpg
Trass i det sure vèret valde Brit Nordvik og Jorunn Ness likevel å ta matpausen under open himmel. På andre sida av fjorden ser vi over til Neslandet.