Påske i tekst og tonar
Påska er tid for både turliv, andakt og kultur. Og om sola har vore lite framme i år, har mange opplevd høgtid under kyrkjekvelven – i konsertar og messer. Vi har bilete og referat frå tre slike stunder.
Over: «Jesu Kristi Sju Ord på Korset» framført i Stangvik palmesøndag – med Per Arne Hyldbakk (frå v.), Bernt Venås, Rannveig Brøske og Kari Nordvik. Foto: Maria Elgsæther.
Palmesøndag var det «vandring» gjennom Bibelens påskedrama i Stangvik kyrkje. Stangvik Jentekor dansa sitt «Hosianna» og framstilte påskemorgon i vekselsong og pantomime. Den klassiske samansettinga « Jesu Sju Ord på Korset» vart ei gripande veksellesing med fire aktørar som stilistisk personifiserte handlinga, med kyrkjelydens salmesong som «kommentar». Bernt Venås utdjupa dette i sin andakt.
KKKK-Akademiets «Påskekonsert 2016» besøkte både Ålvundeid, Todalen, Gullstein og Nordlandet kyrkjer med fargerikt strengespel. Lite påskestoff kanskje, men velklang som gjorde godt. Harpist ved Den Norske Opera, Kjersti Vindal, spela solo og i lag med Festivalkvartetten (Alex Robson og Jon Mehus, fiolin, Ole Wuttudal, bratsj og Joakim Munkner, cello).
- Nydeleg akustikk og eit flott rom for konsert! sa harpesolisten etter konserten i Todalen skjærtorsdag kveld. Alt i sin innleiande «folketone-medley» viste ho til fulle kor klangrikt og uttrykksfullt instrument harpa er. (Vi forstår godt at tidenenes første harpekjendis David blidgjorde den dystre kong Saul med sitt strengespel!)
Strykarane var innom Dvoraks «Amerikanske Kvartett» før dei spela tre spreke «Armenske Folkesanger» av Aslamazyan og «Notturno» av Borodin. To duo-nummer gav nærmast gåsehud: «Vals» av Tsjaikovski for cello og harpe og eit virtuost «Mellomakts-stykke» av Jaques Ibert for fiolin (Alex Robson) og harpe. Og den avsluttande «Vårsøg» med alle fem er den flottaste versjon eg har høyrt av Sommerro-melodien (i hans eige arrangement). Tilsikta eller ikkje: Harpa sine klangkaskader let som vårbruset frå Rossåa eller Lauvåa like ved! Eit halvt hundre frammøtte fekk valuta for turen.
Påskesongmessa i Åsskard kyrkje langfredag gav brei plass til klassisk påskemusikk – som utfylte liturgien og bibeltekstene. Sigrid Vetleseter Bøe opna med «Pie Jesu» av Lloyd Webber og «But Thou didst not leave» frå Handels Messias. Åsskard Kyrkjekor med orgel og strykarar (Ellen Rensvik og Synnøve Hammervold, fiolin og Marit Aspås, cello) kommenterte tekstvandringa med «Bered deg» (Bach), «Brødet frå himmelen» (Frank), «Heil deg» (Ave verum; Elgar), «Han var fornedret» og «Sannelig» (frå Handels Messias), «Jesus, til din pris» (Kuhnau/Bach) og «Halleluja» (Mozart). Også i Åsskard stod lesinga «Jesu Kristi Sju Ord på Korset» sentralt – framført av Bernt Venås, Randi Vetleseter Bøe, Kristian Settem og Per Arne Hyldbakk. Rundt kveldsmatbordet i Kyrkjestua var det trongt om plassen og god stemning etterpå.
Tekst: Bernt G. Bøe
Harpist Kjersti Vindal og cellist Joakim Munkner spelar «Valse Sentimentale» av Tsjaikovski i Todalen kyrkje. (Foto Bernt G. Bøe)
Trass i sjukdomsforfall framførte Åsskard Kyrkjekor eit krevande program langfredag. Solist Sigrid Vetleseter Bøe (t.v.) gjekk også inn som «fulltids» korist under heile messa. (Foto Per Arne Hyldbakk)