
Påskedag
Rindal kyrkje 1.påskedag 2011 – 11. Matt 28, 1-8.
Signa påske! Kva har vel ikkje skjedd, anna enn at Jesus har brote ut av både grava og dødsriket. Han har gjort det umogelege – og dette umogelege er vår fest, vår glede og vår saligheit.
Me står og syng høgtidsverset for påska på nr. 178.
Dette heilage evangeliet står skrive hjå evangelisten Matteus i det 28.kapittel:
Då sabbaten var til ende og det tok til å lysna første dagen i veka, kom Maria Magdalena og den andre Maria for å sjå til grava.
Då kom det brått eit kraftig jordskjelv, for ein Herrens engel steig ned frå himmelen, gjekk fram til grava, rulla steinen ifrå og sette seg på han. Han var som eit lyn å sjå til, og kleda hans var kvite som snø. Vaktmennene skalv av redsle for han og vart liggjande som døde.
Men engelen tala til kvinnene og sa: «Ver ikkje redde! Eg veit at de leitar etter Jesus, han som vart krossfest. Han er ikkje her; han er stått opp, som han sa. Kom og sjå staden der han låg!
Skund
dykk av stad og sei til disiplane hans: 'Han er stått opp frå dei
døde, og no går han føre dykk til Galilea; der skal de få sjå
han.' – No har eg sagt det til dykk.»
Då skunda dei seg bort frå grava, redde, men jublande glade; og dei sprang av stad for å fortelja det til disiplane.
”Det er fullbrakt”, sa Jesus og døydde. Og han døydde til gangs og beviseleg nok.
”Han er stått opp, som han sa”. Slik er engelens ord til Maria Magdalena og den andre Maria. Han er stått opp, han er ikkje lengre i grava. Jesus er ute og går denne tidlege påskedagsmorgonen. Han er allereie på veg til Galilea!
No hastar det med å få fortalt nytt! Kvinnene skundar seg bort frå grava med både redsel og glede på ein gong. Dei spring avgarde for å få fortalt – og fortalt vidare beskjeden frå engelen.
Han er stått opp. Han er ikkje død lengre. Jesus lever!!
Kvinnene spring avgarde med sine gode nyheiter til disiplar og vener og kven det skal vera. Han som dei trudde på og sette lit til, han som vart pint og avliva føre augo deira, han som dei var så glad i og som dei syrgja over – han var død og er levande!
”Sei at det ikkje er sant”! Når vårt verste mareritt har ramma oss, er det den slags fortvila ynskje me kan koma med. Sei at det ikkje er sant!
Og den som trøyste skal, har mest av alt lyst til å kunne seie det: Nei, dette er ikkje sant. Du har ikkje mista den som stod deg nærast. Det var berre ein vond draum - .
Sei at det ikkje er sant!
Og Jesus seier det – og eg seier det med: Det er ikkje sant! Det er ikkje sant at døden er det siste, at døden er det mektigaste, at døden har siste ordet. Det er ikkje sant!
For i Jesu Kristi oppstandelse frå døden, er ikkje døden det siste. Døden har ikkje siste ordet i møte med livskreftene og frelseskreftene frå påskedag.
Den såkalla naturens orden er eingong slik at me lever og døyr – som folk alltid har gjort både før og etter Jesu oppstandelse.
Men i den åndelege verda, der lagar Jesus uorden. Me er ikkje lengre under nokon makt korkje frå vår eigen sjølvfordømmelse eller nokon annan fordømmelse.
I Guds rike er rollefordelinga klår nok: Jesus gjer opp for det me rotar til. Han er den som sonar og forsonar, eg er den som tek imot og får.
Vel kan me gjera som Maria og Maria Magdalena i møte med beskjeden om at Jesus lever: Me kan føle på både frykt og glede på ein gong. Så blir spørsmålet: Kva er så farleg med å ta inn over seg at Jesus lever? Eg skulle tru at evangeliet om oppstandelsen og siger over døden er meir å vera glad for enn å vera redd for. Sei at det har skjedd! Sei at det er sant!
Nytt liv!

.png)

