Påskeliljer_cropped_393x292

Påskefest

Plutseleg skjer alt på ein gong: Sorga blir snudd tvert om for Maria og Maria Magdalena den tidlege sundagsmorgonen dei er på veg til grava. Det er frykt og glede på same tid. Når så Jesus sjølv kjem i møte med kvinnene på veg til Galilea, er all tvil borte: Han har stått opp frå døden. Han lever! Jesus er vår påskefest. Kyrkjelyden samlast til feiring i ord og sakrament i Rindalskyrkja 1.Påskedag kl.11:00. Hjarteleg velkommen!