Picasa

Påskekunsten vår

 

Påskekunsten vår

 

Kyrkja er kulturhus. I tillegg til konsertar og gudstenester med rikt innhald av tekst, musikk og symbol byr kyrkjehuset på store biletskattar.

 

Særleg har påsketida inspirert lokale kunstnarar - av smått og litt større format. I kyrkja varer denne høgtida i fleire veker frå påskedag og utover våren. Og der møter vi dei flotte kunstverka til alle årets tider. Difor desse glimta inn i ei verd av vakker og talande symbolikk.

 

Altartavlene har gjerne pasjonsmotiv frå skjærtorsdag og langfredag. Mange er frå 1700- og 1800-talet og viser at målet er å formidle sentrale element i kristentradisjonen. Biletkunsten har opp gjennom tida tala like sterkt til folk som talen og tonane har gjort – sjøl om kunstverka i våre kyrkjer ikkje alltid er laga av dei store meistrane.

 


Teilgaard-tavla i Ålvundeid var opprinneleg laga til Christiansunds kirke. Peder Bildsnider stod for den flotte treskjeringa.

 

Teilgaard på Ålvundeidet

 

Rasmus Teilgaard (1685-1754) i Stangvik var altmulegmann: Stor godseigar, kyrkjeeigar, forpaktar av mulkter, skattar og tiend – og kunstmålar.

 

Ålvundeid kyrkje frå 1848 har altartavle som Teilgaard måla til Christiansunds Kirke i 1725, men som eigarane der skifta ut. Til si nye kyrkje i 1848 kjøpte ålvundeidingane (for 10 spesiedaler!) da dette kunstverket. Det er ikkje minst prega av uvanleg vakker treskurd – utført av den berømte Peder Kjørsvik (1691-1757) frå Fræna, “Peder Knudsen Bildsnider”. I midtfeltet på tavla har Rasmus Teilgaard – direkte på treverket – måla nattverdscenen frå skjærtorsdag.

 

På fotografia kan vi sjå noko av både den fine treskjeringa hans Kjørsvik og penselarbeidet til Teilgaard. I disippelflokken kring nattverdbordet merkar vi oss m.a. Judas med pengepungen fremst på høgre side.


Nattverdmotivet i Ålvundeid, måla av Rasmus Teilgaard frå Stangvik

 


Bøfjordingen Ole Joensen Kolset laga flott tavle til Bremsnes kyrkje i 1771

 

Ole Joensen Kolset

 

Det er muleg at Teilgaard var læremeister til Ole Joensen Kolset (1722-1789). Kolset var etter ekspertane si meining frå Kalset i Bøfjorden, men hadde sin kunstnarbasen sin i Kristiansund. Kolset var distriktets fremste kyrkjekunstnar i si tid. Han har etterlate seg altartavler og andre verk både i Halsa (preikestolen), Bremsnes (altartavla frå 1771), Frei (tavle frå gamle Frei kyrkje) og kanskje Mo kyrkje (tavla) – forutan fleire store arbeid i Nordland, m.a. i Mosjøen og Alstahaug.

 

Typisk for Kolset var den kornblanda målinga på søylene rundt bileta.


Også tavla i gamle Frei kyrkje var eit Kolset-verk. Den er no plassert framme i dagens kyrkje

 
Golgatamotivet (kalvarie-gruppa) i Grane kyrkje vart opprinneleg måla til Dolstad kyrkje i Mosjøen av Ole J. Kolset frå Bøfjorden/Kristiansund

Oppstandelsen” (ca 1760) av Ole J. Kolset – på altartavla i Petter Dass si Alstahaug kyrkje i Nordland.

 


Presten Hans Bernhoft gav i 1702 denne altartavla til daverande Ranes kyrkje. Kunstnaren er ukjend – viss det da ikkje er Bernhoft sjøl?

 

Bernhoft-gåve til Ranes

 

I Ranes har surnadalspresten Hans Bernhoft (1665-1714) fått æra for dagens altartavle. Ho var opprinneleg laga til gammalkyrkja frå 1702. Papir frå den gong fortel om “En nye Altertavle af Hr. Hans Bernhoft 20 Rd”. Det er likevel tvilsamt om presten sjøl har måla denne tavla. Mest truleg var ho ei gåve, som han for eiga rekning bestilte av ein kunstmålar vi ikkje kjenner namnet til.

 
Dorothea Follestad si gamle tavle i Todalen har motiv frå Thorvaldsens "Kristus"

 

Follestads “Kristus” i Todalen

 

Dorothea Follestad (1855-1921) – lensmannsdotter frå Stangvik – var den første kvinne på våre kantar som satsa på profesjonell karriere som kunstmålar. Etter påbygginga av Todalen kapell til soknekyrkje måla ho i 1890 den tavla som (etter utskifting i 1932) no prydar sørveggen i kyrkja. Motiv har ho henta hos i den berømte skulpturen “Kristus” av danske B. Thorvaldsen.

 


Kalvariegruppa i Halsa kyrkje er mange hundre år gammal

 

Mellomalderkunst i Halsa

 

Halsa hadde kyrkje alt frå 1100-talet. I den noverande (frå 1724) kan vi over korportalen sjå ei såkalla “kalvariegruppe” frå mellomalderen. Her er skulpturar av den korsfesta Jesus med mor Maria og disippelen Johannes på sidene.

 


Stangvik-tavla fortel i tre avsatsar om Jesu korsfesting, oppstode og himmelfart. Truleg er Lars Drejer frå Åsgard mann for dette verket

 

Lars Drejer og Stangvik-tavla

 

Sjøl om vi ikkje veit det heilt sikkert, tyder det meste på at kunsten på altartavla i Stangvik kyrkje er av Lars Hallvardson Drejer (1754-1819) frå Åsgard. Han skal ha vore elev av Ole J. Kolset og har også arbeidd med altartavlene i Aure og Edøy kyrkjer. Tavla i Stangvik var laga til den eldre korskyrkja (bygd 1784). Ho ber årstalet 1807, noko som tyder på at ho ikkje var måla før da. Drejer busette seg på Åsgard i 1801.

 

Stangvik-tavla har den klassiske oppdelinga i 3 høgder. Nedst ser vi langfredagens korsfesting. Ovafor følgjer påskemorgon med oppstandelsen, og øvst ser vi ei enkel, barnleg framstilling av Kristi himmelfart.

 

Conrad Valeur

 

Salmakar Conrad Valeur (1850-1919) i Kristiansund var ein flittig kyrkjekunstnar. Etter han finn vi tavler m.a. i Kornstad, Gjemnes, Øksendal (tidlegare), Snillfjord, Røbekk, Nordbotn (Hitra) og Alta kyrkjer. Som attest etter arbeidet i Alta (1913) skreiv ordføraren der: - Kan det være mulig at en slik kunstner graver sig ned i Kristiansund?


Conrad Valeur si tavle i Kornstad kyrkje er kopi av Hofmanns "Kristus i Getsemane", men har eit meir intenst uttrykk enn den romantiske originalen

 

Kornstad-tavla på biletet er eigentleg ein kopi etter tyske Hofmann. Men der Hofmann lagar ei “pen” skildring av den bedande Jesus i Getsemane, endrar Valeur uttrykket til å vise liding og drama i form av knytte fingrar, smerter i ansiktet og tordenlyn i bakgrunnen.

 

Ein påstand om at Valeur også var meister for skjærtorsdagsmotivet i Åsskard kyrkje, er ikkje stadfesta. (Sjå første biletet i artikkelen.)

 

Det opprinnelege Åsskard-måleriet dekte berre midtfeltet av tavla. Men under restaureringsarbeid på 1930-talet utvida konservator og kunstmålar Ola Seter på eiga hand biletet ved å fylle ut dei to sidefelta i same stil.

 

...............

 

Bernt Gudrunson Bøe