
Påskesong samla mange
Ebba Ringmar (obo) spela solomusikk av 100-årsjubilant Benjamin Britten. Trond Harald Saltnes (fiolin) viste store ferdigheter i satsar frå Bachs Solosonate i a-moll.
Åsskard Kyrkjekor song Mozarts "Laudate Dominum" (solist Sigrid Bøe), Mendelssohns "Han byder sine engler", Vivaldis "O, milde Jesus" (solist Nora Bøe) og Handels "Deg være ære" - delvis i samspel med musikarane.
Blant påsketekstene vart "Jesu Sju Ord på Korset" framført som stilisert rollespel - m.a. med sokneprest Venås som Jesus. Han heldt også kveldens andakt og forretta nattverden.
Denne var ein del av den lokale "Folketonemesse" - bygd over salmetonar og feleslåttar frå nordmørsbygda Todalen. I dei seks messesatsane medverka kor, obo, fiolin og piano.
Etterpå var det stappfullt i Kyrkjestua, der soknerådets Grete Settemsdal, Knut Sæterbø og Turid Sættem Eggen serverte kveldsmat til alle.
Frå FOLKETONEMESSA - med prest, musikarar og kor i aksjon. (Foto: Steinar Aarvaag)
Nora Bøe, Kirsten Baadnæs Bøe og Inger Garthe under rollelesinga av "Jesu Sju Ord". (Foto: Steinar Aarvaag)
Og i Kyrkjestua var det fullt! (Foto. Bernt G. Bøe)