Påsketur i og ved Folldalen
Mange har gode minne frå turar på ski i fjellområda rundt Rindal denne påska. Ein høttfamilie deler i dag minne og bilde med Trollheimsporten!
Høttfolket fekk vere med familien Folden på to skiturar med realt kisterføre og i strålande vårver denne påska.
Langfredag vart det korttur over demninga til Follsjøen og så nokre hundre meter i retning Sollia. Hanna steikte pinnebrød, tante høtta koka tomatsuppe medan Henrik laga snøtårn. Herleg plass i solsida med mektige Snota innerst i dalen.
Påskelaurdag stoppa vi ved Bjørnsleet, gjekk opp lia til Stortelet og skreiv vi oss inn i "manntalet". Randi og Gerd Ingrid granska terrenget innover viddene medan dei skrella appelsinene sine og gjorde seg klare til etappen inn til Bolmsetra. Vårløysinga var i full gang. Bulu breidde seg utover det flate terrenget og laga blåsørpe rundt elveløpet heile dalen innover. Men seterstølen med Trollhøtta bakerst lokka skiløparane vidare innover. Berre flaks gjorde at vi fann ei smal renne der isen var trygg nok til å krysse elva. Toril var ikkje på Dalheimsetra denne dagen. Vi måtte nøye oss med medbrakt niste på steintrappa før turen gjekk heimover att i fin medvind og brukbart skiføre.
Høttfolket takkar Foldenfamilien for ei fin påske.

![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
![]() |
Tekst og foto: Per Arnt Orset

.png)