2018 03 30 Påskesong cR Koret

Påskevandring i ord og tonar

Påskesongmesse er ein årleg tradisjon i Åsskard kyrkje, og langfredag fekk kyrkjelyden også i år vere med på ei «vandring gjennom dei bibelske hendingane frå Palmesøndag til Påskedag med lesingar, enkel dramaturgi, klassisk påskemusikk og "allsong"(salmesong).

2018 03 30 Påskesong bR.jpg
Prest Kristin Strand leia det liturgiske løpet frå inngansprosesjonen med koret (palmesøndag) og til avslutninga med påskeblomster og jubelsong.

Vi ser i media at kyrkjebesøket er labert i påska sjøl om f.eks. langfredag og påskedag skulle vere høgdepunkt i kyrkjeåret. For å "bøte på dette" har dei i Åsskard dei siste åra samla "heile påska på éin kveld". Dermed kan folk "få med seg" essensen av høgtida som eit konsertprega konsentrat.

"Påskemusikken" er fråverande i media, uttala vår biskop Ingeborg Midttømme nyleg. Ho har rett - julemusikken er i ei heilt anna stilling.

- Men påska har minst like rikhaldig, og enno meir variert musikk, seier organist Bernt G. Bøe, som har utforma og regissert programmet for Påskesongmessa. - Klassikarar som Bach, Handel, Mozart, Haydn har meir påske- enn julemusikk, legg han til. - Derfor er klassisk musikk ein sentral del av vår Påskesongmesse.

2018 03 30 Påskesong aR.jpg
Frå den symbolrike scenen "Jesu Kristi sju ord på korset". Fremst Per Arne Hyldbakk (t.v.) og Kristian Settem. Bak koret står Torgrim Tunes i rolla som Kristus.

- Mange bibeltekster, ikkje minst i påska, er så å seie ferdig dramatiserte, meiner Bernt G.  Bøe. - Messa er prega av stiliserte bibelscener, bl.a. framstillinga av "Jesu Kristi Sju Ord på Korset" og kvinnene som fann grava tom.

Nypresten Kristin Strand leia messa langfredag med samanbindande tekst og liturgisk avslutning.

Damegruppa i koret Prosjekt 17 (litt forsterka) framførte verk av blant andre Mozart, Edward Elgar, Gabriel Faure og Antonio Vivaldi. Koret var også aktørar i dramatiserte avsnitt. Koret klang svært godt - noko mange blant "publikum" uttrykte. Det har sjeldan vore betre korsong av lokale krefter i distriktet, vart det sagt.

Torunn Kroknes var solist i "O, milde Jesus" frå Gloria av Vivaldi, "Agnus Dei" frå Kroningsmessa av Mozart og påskemotetten "Gled deg,. mitt hjarte" av den franske barokkomponisten Jean-Fr. Lallouette. Torunn Kroknes briljerte stort med sin vakre, glansfulle stemme. Ho avsluttar i vår songstudiet sitt ved NTNU i Trondheim.

Ellen Rensvik og Synnøve Hammervold, fiolin, og Bernt G. Bøe, piano og orgel stod for instrumentalmusikken. Fiolinistane berika musikkopplevinga med fyldig og vakker strykarklang.

Torgrim Tunes tolka alle kveldens Kristus-tekster og las tre dikt av Arnold Eidslott, og Per Arne Hyldbakk og Kristian Settem hadde roller i "Jesu Kristi Sju Ord på Korset".

Tekstlesararne formidla stoffet ypperleg og med innleving. Her trekkjer vi særleg fram Torgrim Tunes si "Kristus-rolle". Han fortalte under kveldsmaten at han for over 70 år sia debuterte som "Jesus-barnet" på juletrefest heime i Lyngen (spebarn). Derfor var det ei stor oppleving å få tolke påska sin Kristus som vaksen denne gongen, "ringen slutta!"

I tillegg var det nytta enkel symbolbruk med rekvisita, lyssetting etc. som gav ekstra meining til innhaldet slik som eit kors med tornekrone og 5 roser (ei for kvart av Jesu sår). Dei "ubrukte" blomstrane, som eigentleg skulle på Jesu grav, vart under ein av påskesalmane delte ut til folket i kyrkjebenkane.

Randi Vetleseter Bøe sørga for kveldsmat etter messa. Storparten av dei 75 frammøtte deltok under samveret med mat og prat i Kyrkjestua.

Koret på bildet øverst: Frå venstre Nora Vetleseter Bøe, Marie Skjerdal, Astrid Hyldbakk, Torunn Kroknes (kveldens solist), Borghild Talgø, Kari Sæther, Kirsten Baadnæs Bøe, Maria Vetleseter Bøe, Inger Garthe og Randi Vetleseter Bøe.