
"Parti af Surendalsøren"
Gamle postkort fra Surendalsøren
Bilda vi presenterer er gamle postkort frå ca 1910. Før brukte ein gjerne å sende slike kort som julekort .
Dei to første bilda er tekne frå same plass, det eine med sommarmotiv, det andre er teke om vinteren.
Til venstre for brua (gangbru?) er ei industribedrift under oppføring.
På bilde nr. 2 ser vi at huset er ferdigbygd og har fått murpipe. Kva slags bygg er dette? Her treng vi hjelp frå lesarane
Bilde 1:
Bilde 2:
Kommentar frå Edel Ålbu: Brua er Ørabrua, industribygg under oppføring er Surna Emballasjefabrikk, også kalt Grimsmobruket, eid av brødrene Grimsm, i dag er det MøreTre. Er vel lite av husa som står idag, det meste brant ned da Øra brann. (6. mars 1938 red anm.)
Bilde 3:
Bilde 4:
Vi ser at dette kortet er sendt som nyttårskort i 1907/1908. Har dette huset vore butikk eller pensjonat?
Står huset i dag? Her gir vi ballen til lesarar med lokalkunnskap.
Har du utfyllande opplysningar om bilda, del dei med oss og send dei gjerne til redaktor@trollheimsporten.no