Patrick Vårsøg 2_1024x717

- Fleire må oppdage vårsøget

Patrick Reurink ny styreleiar i Laget Vårsøg

Patrick Reurink var glad da valgkomiteen i Laget Vårsøg tok kontakt. - Eg var på veg heim til Surnadal og trong fleire ting i heimbygda å sysle med. Eg var alt bitt av vårsøgbasillen. No vil eg at fleire skal oppdage vårsøget og sjå den imponerande høge kvaliteten på Vårsøghelga med sjangervariasjonen frå klassisk til moderne og samtidskunst - og som famnar både lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt, seier han.

Patrick Reurink er ny styreleiar i Laget Vårsøg, noko dagleg leiar Gerd Ingrid Kvendset er svært glad for - og Henning Sommerro er alltid med som kunstnerisk leiar, rådgjevar og med mange gode idear.

Laget Vårsøg og Vårsøghelga er med i Trollheimsporten - bli med - alle som er med her!

Til høgre den nye styreleiaren i Laget Vårsøg, Patrick Reurink, med vårsøget rundt seg.

Spennande nytt styre
- Vi har fått saman eit svært spennande nytt styret i Laget Vårsøg, fortel dagleg leiar Gerd Ingrid Kvendset, da ho i dag presenterte det for oss (nederst heile styret samla).

Forutan den nye styreleiaren består det av Karin Åsbø, Anna Einum, Torgeir Leivdal, Svein Sæter, Karstein Mauset og Lilli Husby som representant frå kommunen. I tillegg deltek aktive varamedlemmer i Kåre Korsnes og Jan Ove Øigård.

- Valgnemnda med Per Holten i spissen har gjort ein kjempejobb. Her er det brei kompetanse og god aldersspreiing frå Anna til Patrick. Her ligg det energi og engasjement. Det koker på møtene, smiler Gerd Ingrid. I tillegg er Henning Sommerro med som kunstnerisk leiar rådgjevar og med eit oppkomme av idear.

Engasjert styreleiar
Og den nye styreleiaren var glad da valgkomiteen tok kontakt. Han var og er kanskje framleis på tur heim til Surnadal, etter åtte år som student i Trondheim. For tida er han vekependlar, er forlova og bur både i Trondheim og Surnadal. Han har utdanna seg til siviløkonom og arbeider i ei prosjektstilling hos SIV Industriinkubator.

- Eg vart rett og slett bitt av vårsøgbasillen. Eg kjøpte eit helgapass, da Gerd Ingrid lokka med det under blinordmoring.no, der Surnadal, Rindal og Halsa lokka ungdom til heimbygdene. Det var på Britannia hotell for to år sidan. Da fekk eg tilgang på ti arrangement og tykte det var utruleg fantastisk å få til så mykje i Surnadal - frå det små til det store, med musikk måling og dans, fortel han.

Kom og bli med på vårsøget!
- Det var utruleg spennande. Og dette tykkjer eg fleire må oppdage - fleire må kome og vere med på vårsøget! Oppdag sjangervariasjonen. I vårsøget finn du både tradisjon og nyskaping, profesjonelle og amatørar.

- Å få anledning til å vere med og bidra inn i dette er heilt topp. Det vil berike meg mykje, seier Patrick Reurink, som har sterke røtter i Surnadal og trives med å engasjere seg for Surnadal og Nordmøre.

Sjøl tykkjer han å ha sin styrke i det organisatoriske: - Det skal bli interessant å utvikle dette vidare og sjå på kva Laget Vårsøg kan vere ut over Vårsøghelga, seier han og håpar å kunne gjere Laget Vårsøg til ein identitetsbyggar og utbyggar.

Saman med Gerd Ingrid Kvendset og det nye styret i Laget Vårsøg har Patrick Reurink alt starta planlegginga og arbeidet for neste år og for neste års Vårsøghelg. Alt no er eit par bookingar gjort, men det er hemmeleg til så lenge.

Stort jubileum i 2015
- Vi må satse meir på ungdommen. Derfor vil vi sette ned ei referansegruppe for ungdom neste år. Det er framtida og vi må skape identitet til vårsøget også blant ungdommen, seier Patrick og Gerd Ingrid. Det betyr at det vil bli røska litt opp i ungdomsarrangementet som har vore dei siste åra. - Ungdommen er viktig og høyrer heime i Vårsøghelga. Det er viktig for å skape identitet og eit godt forhold til heimbygda.

Det ser det ut til at Surnadal kommune også har forstått og bidreg inn i Laget Vårsøg og Vårsøghelga med 125 000 kroner til barn og unge og 125 000 kroner frå næringsfondet.

- Ellers arbeider vi mykje i komitear for dei ulike arrangementa - og så vil vi ta oss av dei frivillige meir heile året. Det er i tillegg viktig å hente fleire frivillige, legg Gerd Ingrid til.

- Og da kjem vi attende til det overordna: Fleire må kjenne vårsøget!

Laget Vårsøg ser i tillegg fleire år fram i tid. I 2015 er det 70 år sidan Hans Hyldbakk skreiv diktet Vårsøg og Vårsøghelga er da 20 år.

Vi gir vårsøget til verda
- No ønsker vi oss ny scene på Kleiva. Det treng vi. Og så legg vi opp til kvalitetsarrangement under heile Vårsøghelga, der både publikum, artistar, frivillige og sponsorar kjenner seg heime og kjenner vårsøget, smiler Patrick Reurink og Gerd Ingrid Kvendset.

Og Patrick legg til: - Vi gir vårsøget til verda.

 

Under Vårsøgstyret 2013 - framom frå venstre Torgeir Leivdal, Svein Sæter, leiar Patrick Reurink, Karstein Mauset og Jan Ove Øigård. Attom frå venstre Anne Vognild Einum, Gerd Ingrid Kvendset, Lilli Husby og Karin Åsbø. Kåre Korsnes var ikkje tilstades. Nederst Gerd Ingrid og Patrick i Miljøgata.