prestn_550x366

Paulus og oss andre

Noko til kar! Det kan ein trygt seie om Paulus. Nidkjær var han til tusen, både som jøde i forfylgjinga av kristne – og så som kristen. Livet hans vart eit brask og bram med Kristus. Om ikkje alle kristne evnar å gjera som Paulus i eitt og alt, kan me uansett ha både Paulus` liv og gjerning som førebilete for oss. Sundagspreika i Rindal kyrkje er som fylgjer:

En bønn.
Kall, kall, kall, store Høvding over de høye fjell.
Kall, kall, kall, store Kristus over de fjerne stier.
Kall, kall, kall, store Trøster ved den nære port.
Sett min ånd fri til å stige hvor du enn klatrer.
Sett mine føtter fri til å vandre hvor du enn går.
Sett mine hender fri til å gjøre hva du enn sier.

Saulus har ei omvendelseshitorie av dei sjeldne. Han hadde kome seg så enormt langt avgarde utpå feil jorde i forhold til kva Gud hadde tenkt.

Men også for ein Saulus som nidkjært arbeider for å forfylgja dei kristne, finst det ein veg tilbake. Ikkje berre tilbake, men endåtil fram til spissen, fram til der dei både vågar og lid for Jesu navn si skuld.

Me skal høyre korleis det går til, eg les frå Apostlenes gjerningar kapittel ni:
1 Saulus rasa endå mot Herrens læresveinar og truga dei på livet. Han gjekk til øvstepresten
2 og bad om brev til synagogene i Damaskus. Han ville ha fullmakt til å føra alle han fann, både menn og kvinner som høyrde «vegen» til, i lekkjer til Jerusalem.
3 Men då han var på vegen og ikkje hadde langt att til Damaskus, stråla det brått eit ljos frå himmelen ikring han.
4 Han fall til jorda og høyrde ei røyst som sa: «Saul, Saul, kvifor forfylgjer du meg?»
5 «Kven er du, Herre?» spurde Saulus. Han svara: «Eg er Jesus, han som du forfylgjer.
6 Stå opp og gå inn i byen! Der skal dei seia deg kva du skal gjera.»
7 Mennene som fylgde han, stod mållause; dei høyrde røysta, men såg ikkje nokon.
8 Saulus reiste seg frå jorda; men då han opna augo, kunne han ikkje sjå. Så tok dei han i handa og leidde han inn til Damaskus.
9 Og i tre dagar sat han der blind, og han korkje åt eller drakk.
10 I Damaskus var det ein læresvein som heitte Ananias. Til han sa Herren i eit syn: «Ananias!» Han svara: «Her er eg, Herre.»
11 Og Herren sa til han: «Gå bort i den gata som dei kallar Den beine, og i huset hans Judas skal du spørja etter ein som heiter Saulus og er frå Tarsus. For no bed han.
12 Og han har hatt eit syn og sett ein mann som heiter Ananias koma og leggja hendene på han, så han kan få att synet.»
13 Men Ananias svara: «Herre, eg har høyrt mange tala om denne mannen og om alt det vonde han har gjort mot dine heilage i Jerusalem.
14 Og han er komen hit med fullmakt frå overprestane for å fengsla alle som kallar på ditt namn.»
15 Men Herren sa til han: «Berre gå du! Han er ein reiskap som eg har valt meg ut til å bera namnet mitt fram for folkeslag og kongar og for Israels folk.
16 Eg skal syna han kor mykje han må lida for mitt namn.»
17 Så gjekk Ananias. Då han kom inn i huset, la han hendene på Saulus og sa: «Saul, bror! Herren har sendt meg, Jesus, han som viste seg for deg på vegen. Du skal få att synet og verta fylt av Den Heilage Ande.»
18 Og straks fall det liksom skjel frå augo hans, og han fekk att synet. Han stod opp og vart døypt. 19 Så fekk han seg mat og vart styrkt. Han vart verande nokre dagar saman med læresveinane i Damaskus.
Heilage Far, gjer du oss heilage i sanninga, ordet ditt er sant.

Kva har skjedd med Saulus? Ja, dei vart forundra, dei som var på nært hald. Han var innbitt jøde. Vel opplært, hadde til og med sete ved Gamaliel sine føter. Han var nidkjær i tru og teneste. Ville så gjerne få av garde alle desse som bekjente seg til Jesus. Ville så gjerne ha slutt på dette som – i Saulus` auge vart så heilt feil.

Kva skjer så? Det er eit spørsmål som forandrer heile livet og framtida, innstillinga og yrkeskarriera. Spørsmålet er som følger: Saul, Saul, kvifor forfylgjer du meg?

Så det var slik det hang i hop: Frelsaren og kyrkjelyden, Jesus og dei kristne er to sider av same sak, to delar av same identitet, Jesus og dei kristne er eitt!!!

Så det var slik det hang i hop. Eller er dette samanhengen no i dag?? Jesus og Rindal menighet, Jesus og dei kristne er to sider av same sak, to delar av same identitet, to bitar av same stykket??
Paulus går inn i tenesta med liv og lyst. Han vedkjenner seg Frelsaren sin og står ved sitt kall.
Korleis var kallet? Me tenkjer oss ei stillingsannonse. Beskrivelse av arbeidet:

Du må rekne med atskillig lidelse. Den som blir ansett må vera forberedt på å sulte og fryse. Det blir farefulle reiser i storbyar, på elvar, havet og i ørken. Overfall og ran kan forekoma, forrutan arrestasjonar, falske anklagar og offentleg avstraffelse. Arbeidet må utførast til alle døgnets tider, løn og boligforhold er tilfeldige.
Paulus fekk jobben. Då sjefen, Herren sjølv, skulle setja han i arbeid, var det med beskjed om at Eg skal syna han kor mykje han må lida for mitt namn.»

Og slik skulle det gå. Apostelen har sjølv gjort greie for mengden av lidelse i 2.Korinterbrev. Tydeleg nok er han stolt av alt han har fått bera av smerte og fornedrelse for Jesu skuld.
Kvifor? Jo meir ein må li, dess viktigare må arbeidet og saka vera. Slik var det då.
I dag er det gjerne motsett: Dess viktigare jobb eg har, dess lettare kan eg sikre mitt eige skinn.

Det kan vera me ser opp til idealistar som ofrar eigen komfort og tryggheit av kjærleik til andre – det vera seg i teneste for misjon, Frelsesarmeen eller Leger utan grenser. Me ser opp til dei idealistiske, men stiller oss heller lite villige til å sjølve måtte forsake eller endåtil lide vondt i teneste for det som er godt.
Men Paulus er villig, sjølv om han anar kva han går til. Mange har gått Paulus etter – og oppdragsgjevaren har gjort det før.

Han som spør: Saul, Saul, kvifor forfylgjer du meg? Han veit at liv og død handlar om kjærleik meir enn jobb. Han veit meir enn nokon kva det vil seie å bera den djupaste lidelse til beste for andre.
No var Paulus gripen av Jesu kjærleik. Også han som sjølv hadde vore så ivrig etter å forfylgja Jesu vener, er elska.
Denne kjærleiken ville han både gjengjelde og gje vidare. Difor går Paulus inn i eit kall der han må rekne med betydeleg lidelse.
Me må gjerne spørje oss sjølve, me som er Jesu kropp på jorda her me bur: Kva kan eg gjera for han som gjer alt for meg?

Om me ikkje gjer som Paulus og utset oss for offentleg avstrafelse og fengsling, kan me altids gjera noko. Det er flust av gode gjerningar me kan gjera utan å risikere korkje liv eller helse.

Kall, kall, kall, store Høvding over de høye fjell.
Kall, kall, kall, store Kristus over de fjerne stier.
Kall, kall, kall, store Trøster ved den nære port.
Sett min ånd fri til å stige hvor du enn klatrer.
Sett mine føtter fri til å vandre hvor du enn går.
Sett mine hender fri til å gjøre hva du enn sier.

Salmar Rindal krk 29.04.12
696 – Herre, eg inderleg ynskjer å fremje di ære
703 – Guds Son steg ned å tene
697 – Ditt verk er stort, men veik er eg
534 – En Gud og alles Fader
698 – Å leva det er å elska

Preiketekst frå Bibel.no

Saulus raste fremdeles mot Herrens disipler og truet dem på livet. Han gikk til øverstepresten 2 og ba om brev til synagogene i Damaskus for å kunne finne dem som hørte til Veien, både menn og kvinner, og føre dem i lenker til Jerusalem. 3 Underveis, da han nærmet seg Damaskus, strålte plutselig et lys fra himmelen omkring ham. 4 Han falt til jorden og hørte en stemme som sa: «Saul, Saul, hvorfor forfølger du meg?» 5 «Hvem er du, Herre?» spurte Saul. Og svaret lød: «Jeg er Jesus, han som du forfølger. 6 Men reis deg nå og gå inn i byen. Der vil noen si deg hva du skal gjøre.» 7 Mennene som fulgte ham, sto målløse; de hørte stemmen, men så ingen. 8 Saulus reiste seg og åpnet øynene, men han kunne ikke se. Så de tok ham i hånden og leide ham inn til Damaskus. 9 I tre dager var han uten syn, og han verken spiste eller drakk.
10 I Damaskus bodde en disippel som het Ananias. I et syn sa Herren til ham: «Ananias!» Han svarte: «Her er jeg, Herre.» 11 Og Herren sa: «Gå bort i den gaten som kalles Den rette, og i huset til Judas skal du spørre etter Saulus fra Tarsos. For se, han ber. 12 Og han har hatt et syn og sett en mann som heter Ananias komme og legge hendene på ham, så han får synet igjen.» 13 Men Ananias svarte: «Herre, jeg har hørt mange fortelle om denne mannen og alt det onde han har gjort mot dine hellige i Jerusalem. 14 Og nå er han her med fullmakt fra overprestene for å legge i lenker alle som påkaller ditt navn.» 15 Men Herren sa til ham: «Gå! For jeg har utvalgt ham som mitt redskap til å bære mitt navn fram for hedningfolk og konger og for Israels folk. 16 Og jeg skal vise ham alt han må lide for mitt navns skyld.» 17 Da gikk Ananias, og han kom inn i huset, la hendene på ham og sa: «Saul, min bror! Herren selv, Jesus som viste seg for deg på veien hit, han har sendt meg for at du skal få synet igjen og bli fylt av Den hellige ånd.» 18 Straks var det som om skjell falt fra øynene hans, og han kunne se. Han sto opp og ble døpt. 19 Så spiste han og kom til krefter.