
PC til vidaregåande skole
Er du elev på vidaregåande skole i Møre og Romsdal må du bruke datamaskin, melder Surnadal VGS. Det er kvar enkelt sitt ansvar å sørgje for å ha ein fungerande datamaskin tilgjengeleg heile tida på skolen. Når du skal skaffe deg datamaskin kan du velje mellom å kjøpe PC frå Møre og Romsdal Fylkeskommune, eller få eit PC-stipend på 2500 kroner. Fristen for å bestille PC frå fylkeskommunen er 20.juli.
PC-stipendet blir ikkje utbetalt før i oktober, men du må sørge for å ha ein PC klar til skolestart. Om du bestiller PC frå Møre og Romsdal Fylkeskommune, skal den bli levert på skolen rundt skolestart i august. På Ungweb.no kan du lese alt du treng å vite om begge ordningane, og finne skjemaet du skal bruke for å søkje om PC. Fristen for å bestille PC er 20.juli. http://ungweb.no/UNGweb/Info/PC-ordninga-2012