
Pengegåve for god innsats
Før jul hadde skulane i Surnadal brannvernveke. I dag, måndag, kom Kåre Korsnes frå Gjensidige saman med feiar Jon Nordvik til Øye skule med ei gåve på 11.000 kroner som skal fordelast på alle grunnskulane i Surnadal. Utdelinga skjedde på Øye skule, der elevråda på Øye og på Surnadal ungdomsskule deltok på gåveoverrekkinga.
Øye skule får 3000 kroner av gåvesummen, og der skal pengane gå til skal gå til innkjøp av utstyr til eit såkalla "funny room", eit eige areal for avkobling, leik og læring som skulen, i tett samarbeid med elevrådet, held på å setje i stand.
Ungdomsskulen skal bruke pengane til skidag, og elevråda ved dei andre skulane i kommunen skal også velje ut prosjekt dei skal bruke sin del av gåva til.
Under "Aksjon boligbrann" før jul dro Surnadal brann- og feiarvesen rundt på alle skulane i kommunen for å snakke om brannsikkerheit. Dette "pilotprosjektet" fekk merksemd langt ut over kommunegrensene, mellom anna med innslag både på NRK TV og på radio. Gåva frå Gjensidige var ei påskjønning for det gode forebyggande arbeidet som elevane har gjort med tanke på brannsikring i heimane.
På bildet: 1. rekkje f.v. Sunniva Sørvik Grimsmo, Elise Hamnes Høvik, Kristoffer Berset, Eirin Næss Bolme, Ana Paula Pimentel, Lisbeth Sollid, Mia Larsen Faksnes og Mikkel Bæverfjord. 2. rekkje f.v. Snorre Larsen, Marthe Victoria Henninen, feiar Jon Nordvik, Kåre Korsnes frå Gjensidige Surnadal, Mali Dale og inspektør ved Øye skule, Marina Kvendset Fiske.

.png)

