Pensjonistar lærer om internett
Før jul starta omlag 30 lærevillige pensjonistar på datakurs i Surnadal. Nokre av dei er nybegynnarer, andre kan litt frå før. Dei har lært ein del, og den sosiale biten er minst like viktig. Det er Surnadal Pensjonistlag som har teke initiativ til kurset.
Kristian Ranes er leiar i Surnadal pensjonistlag og hjelpeinstruktør på datakurset. Han fortel at det er lagt opp til 5 - 6 kursdagar. Pga stor påmelding vart deltakarene delt opp i to grupper. Begge gruppene er der på tirsdagar, den eine gruppa møter kl 11 og den andre kl 13. Kurset er gratis for pensjonistlaget sine medlemmar, men alle kunne melde seg på.
Føremålet med kurset er å lære det mest grunnleggande på data for å meistre internett, e-post, nettbank osb.
Muntre og lærevillinge elevar på datakurs. Ståande bak f.v. Anders Talgø, Ole Trygve Foseide og Kristian Ranes.
Følger med på Trollheimsporten
Kursleiar er Ole Trygve Foseide, som har halde liknande kurs i Rindal tidlegare. Han har med seg Kristian Ranes, Anders Talgø og Helge Røv som hjelpeinstruktørar.
Alt tyder på at det er god stemning på desse kursdagane. Deltakarane hjelper kvarandre og. Enkelte av dei er heilt ferske databrukarar, og tykkjer at dette er vanskeleg. Dei har lært litt om epost, og dei som har lært seg å finne fram til avisene og Trollheimsporten er tydeleg svært fornøgde med det. Fleire fortel at dei er innom Trollheimsporten ofte. Det blir stadig viktigare å kunne følge med på nett for å henge med på både lokale og større nyheiter.
Tysdag denne veka var den fjerde kursdagen. Tema denne gongen var "Lær å bruke internett". Da begynner ein med korleis ein åpnar nettlesaren, korleis ein skiv inn ei adresse i adressefeltet, og så må ein lære å "google".
- Slik skriv de inn ei internettadresse, som f.eks. www.kongehuset.no.
Pause med kaffe og bakels høyrer med. Det sosiale er og svært viktig i slike sammehengar, påpeikar kursdeltakarane.
Glad for hjelp og støtte
Kristian Ranes vil skryte av kursleiar Ole Trygve Foseide, og Anders Talgø og Helge Røv som er med som hjelpeinstruktørar. Han vi takke Svorka, Surnadal Sparebank og Fylkesbiblioteket/AOF Møre og Romsdal, som alle støttar kurset økonomisk, og Surnadal kommune som lar dei bruke lesesalen på biblioteket gratis. Der har dei nødvendig utstyr for å halde eit slikt kurs. Steinar Hasselø ved bibioteket ordnar opp og sørger for at alt fungerer som det skal. Det set pensjonistlaget stor pris på.
Vil starte dataklubb
Nå datakurset er over håper Ranes at dei skal få til ein dataklubb, slik som dei har i Rindal. Da kan deltakarene lettare halde kunnskapen ved like, og hjelpe kvarandre vidare.
Steinar Hasselø ved Surnadal Folkebibliotek har merka seg at både instruktørane og kursdeltakarane er ivrige, og og ofte held på mykje lenger enn dei tilmålte to timane. Han meiner at det er viktig at alle lærer seg databruk. Dataklubben vil og få låne lokale ved biblioteket, lovar han.