Perikom Light 1_1024x841

Perikom med vener i Sagatun

Bandet Perikom med Karstein Mauset (bildet saman med Håkon Fredriksen) i spissen innbyr til visekonsert i Sagatun under Vårsøghelga. Perikom fører an med viser frå Vårsøglandet og Stemmer frå Surnadal i Sagatun laurdag klokka 1600. Gjestar vil vera Berit og Gøran Bolme, Per Holten, Rune Dalager og Svanhild Husby.

- Dette blir ein konsert med berre lokale stemmer og lokale aktørar. Det er vi glade for å kunne presentere, fortel Håkon Fredriksen i Perikom til Trollheimsporten.

Perikom og Stemmer frå Surnadal
Karstein Mauset er frontfigur og låtskreivar og forutan Håkon er Ingebrigt Løfald og Jo Ranheim med i Perikom. Dei har gitt ut cd-en Bastuba (til høgre), og har sidan laga mykje nytt stoff som dei seinare vil gje ut. Karstein har tonesett tekster både frå Hans Hyldbakk, Jørgen Gravvold og Astrid Krog Halse.

I Sagatun laurdag får dei med seg Berit og Gøran Bolme. Dei vil framføre ein "bygdasong" frå romjulsrevyen i Sagatun. I tillegg vil Gøran by på ein heilt ny revylåt, med eit svært dagsaktuelt tema.

Per Holten og Rune Dalager er med og vil spele frå Surnadals-plåta Stemmer frå Surnadal.

Berre lokale aktørar
I tillegg vil Svanhild Husby med fleire kome med smakebitar frå oppsettinga Vandrehjerte, som vil bli sett opp på Igltjønna under Norsk Vandrefestival seinare i sommar. Attåt vil Svanhild synge nokre låtar frå "Stemmer frå Surnadal".

Minikonsert til slutt
Perikom vil halde minikonsert til slutt med nokre heilt nye og nokre litt meir kjente låtar frå cd-en Bastuba og EP-en Heimkome.

- Vi håpar dette skal bli ein fin ettermiddagskonsert med viser frå lokale aktørar, seier Håkon Fredriksen. Ta ein tur til Sagatun og opplev visekonsert med lokale aktørar under Vårsøghelga!

Under ser du Karstein Mauset og Håkon Fredriksen i Perikom: