
Pilgrimskonsert i Stangvik kyrkje
Festivalleiar Lars Inge Kvande var stolt av å kunne ønske publikum velkomne til denne konserten i den 10. Stangvikfestivalen.
TrondheimSolistene sette stemninga da dei opna konserten med Martyrsong frå Olavsmusikken – mange hundre å gammal, og Salme frå Suiten «Follow the Moonstone», der vi etter kvart kjente att Julverset frå Stangvik.
Henning Sommerro og Edvard Hoem har hatt eit godt samarbeid. Henning introduserte salma «Den fattige Gud» med å seie at Edvard skriv alltid salmar, alt han skreiv var salmar! Denne salmen er no på veg inn i Salmeboka, etter at den først vart framført av Kjersti Sparbo i eit matprogram med Ingrid Espelid, fortalde han.
Sommerro kommenterte også bilda som Håkon Guldvåg hadde i kyrkja. Eitt hadde vore vist fram i Jerusalem, og no i Stangvik, og eitt i Nidarosdomen og no i Stangvik. Hovudbildet, «Nattverden», har tidlegare vore vist i Syria og Jordan! Dermed meinte han å ha plassert Stangvik i ein større samanheng.
Henning framførte så «Sullabullyam» som er ei blanding av ein sull og ein «lullaby», voggesong. Den vart skriven ein gong Edvard Hoem ikkje fekk sove.
Første avdelinga vart avslutta med «Vårsøg», teksta Hans Hyldbakk skreiv i april 1945. Henning introduserte den med å seie at denne versjonen var nærare originalen enn dei meir popifiserte versjonane som vi også kjenner. TrondheimSolistene akkompagnerte, som dei hadde gjort i heile denne avdelinga. Hør den her! (Video)
Musikalsk leiar for TrondheimSolistene, Sigmund Tvete Vik, presenterte neste nummer som eit pausenummer. Musikarane hans tok det ikkje som pause! Den polske komponisten Wojciech Kilar gav dette stykket namnet «Orawa» etter eit fjellområde i Sør-Polen der ein liten bekk startar, rinn og vert større og større. Kilar er mest kjent for filmmusikk, noko ein kunne merke på musikkstykket. Vi kunne lett følge den vesle bekken etter som den rann nedover fjelldalar og vart større og større. Ikkje var det like bratt alle stader heller. Det var både rolege parti og fossar og stryk, og den slo seg i lag med andre bekker til ei stor og mektig elv. Verket vart leikent og lett utført med stor presisjon og fin dynamikk.
Isa Katharina Gericke framførte Osvaldo Golijovs «Lua Descolorida» med klokkeklar sopran.
Ho tolka deretter Benjamin Brittens optimistiske verk frå 1939, «Les Illuminations». Britten skreiv denne i eit mikroskopisk håp om lysare tider. Som solisten sa, «- her skulle det vore ei lysfontene,» men vi skimta den lell! Sopranstemma til Gericke hadde eit stort spenn, noko vi fekk oppleve i denne framføringa. Hør ein av satsane her! (Video)
Den palestinske songarinna Rim Banna framførte tre songar arrangert av Knut A.Vestad. Den første, «Sarah», dedikerte ho til alle palestinske barnemartyrar. Her deltok Henning Sommerro i det fjerne og Jo Inge Nes på perkusjon i tillegg til TrondheimSolistene. Hør den her! (Video) «To a Poem», presenterte ho som ein song om Jerusalem, og «The Voice, the Fragrance and the Figure» tileigna ho alle som kjempa for fridom, - også deltakarane i den syriske fridomskampen.
Vi fekk så ei avdeling med tekster på arabisk av den palestinske forfattaren Mahmoud Darwish framført på arabisk av skodespelaren Emilie Ashrawi. Han var så stor forfattar at han faktisk vart anerkjent av Israel, sa Sommerro. Diktlesinga vart akkompagnert av spesialskreven musikk av Henning Sommerro. Dette vart også framført under Jerikos 10 000 årsjubileum.
Videoane i teksta er laga av Kristin Elisabeth Foseide Wammer.