aktørar1_1024x683

«Pink Floyd-konsert» i Surnadal

Pink Floyd–entusiastar i Surnadal startar i desse dagar arbeidet med å sette opp ein konsert med musikk av det legendariske bandet i Storstuå over nyttår. Initiativtakarar til konsert-prosjektet er Karstein Telstad, Pål Norman og Rune Dalager, og utøvarane som skal delta er alle kjenningar frå det lokale musikklivet. – Konserten blir eit heilhjerta forsøk på å spela Pink Floyd på Pink Floyds vis, utan å ha med Pink Floyd! seier Rune Dalager om det spennande prosjektet.

Her er dei fleste av dei du vil møte som anten arrangør eller artist under Pink Floyd-konserten på nyåret: Frå venstre Oddmund Sponås, Astrid Hyldbakk, Brage Kristian Einum, Norvald Bondhus, Jøran Nordman, Rune Dalager, Kenneth Grytskog, Ola Langli, Pål Norman, Rolf Paulsen, Karstein Telstad og Halvor Drøpping. I tillegg til desse vil Stein Boge, Lisa Botterli Flostrand, Sigrid Vetleseter Bøe og Torbjørn Kvande bli med som utøvarar. Foto: Norunn Holten 

Søndag ettermiddag hadde dei tre initiativtakarane det første møtet med artistane som skal delta på konserten. 14 utøvarar er inviterte til å delta, og dei fleste av desse var til stades på oppstartmøtet. Dei 14 er alle gamle kjenningar frå musikklivet i Surnadal, og er handplukka til arrangementet av initiativtakarane. Kvalifikasjonen dei har sett etter hos kandidatane, er om dei har hjarte for Pink Floyd og har lyst til å spela musikken deira- i tillegg til at dei sjølvsagt er gode musikarar. Målet er ein konsert på ca 1 ½ time, og musikarane har som målsetting å halde konserten først på februar 2013. Ut over dette er lite fastlagt så langt. Gruppa har plukka ut eit knippe låtar dei ønskjer å ha med på konserten, men korleis konserten skal leggjast opp og kven som skal framføre dei ulike låtane, er enno ikkje klart. Arrangørarar og musikarar er likevel ivrige på å gå i gang, og skal fortsette arbeidet allereie denne veka.

Konserten er eit dugnadsprosjekt der alle som deltek gjer det utan vederlag. Eit eventuelt overskot vil bli bruka til å investere i nye mikrofonar og anna utstyr til Storstuå, noko som vil koma både artistar og publikum til gode seinare.

Dei som skal vera med i ensemblet:
Trommer: Oddbjørn Sponås
Bass: Torbjørn Kvande
Tangentar: Rolf Paulsen og Brage Kristian Einum
Gitarar: Ola Langli, Jøran Normann og Stein Boge
Backing Vocals: Sigrid Vetlesæter Bøe, Astrid Hyldbakk og Lisa B. Flostrand
Vokalsolistar: Kenneth Grytskog, Halvor Drøpping og Norvald Bondhus
I tillegg blir det kanskje med ein saksofonist, så dette blir definitivt eit arrangement å gle seg til for alle Pink Floyd-fans.