Pinsefeiring i kirka

Ein stor flokk frå kyrkjelydane i distriktet var samla til Pinsedagsgudsteneste i Stangvik kyrkje slik tradisjonen er. Dårlege verutsikter gjorde at kjerkbåtane frå Hamnes ikkje la ut, men bilane førte folket saman. Presten Bjørn Hovde frå Ålvundfjorden var liturg og Magne Prest hadde preika. Åsskard kyrkjekor deltok med vakker song.


Med to barndåpar så vart dette ei stor festgudsteneste!

Feiringa heldt så fram med kyrkjekonsert etter baccalao i Bondehuset.

"Labora Deo Gloria - med gull og perlebånd" var titelen på konserten. Dei framifrå artistane var Juniorsolistane frå Trondheim under leiing av Andreas Larsen og songarinna Tone Krohn frå Sandefjord i lag med perkusjonisten Paolo Vinaccia. Fiolinsolisten Viktor Stenhjem imponerte i lag med juniorsolistane. Vi kjem nok til å høre meir frå han! Tone Krohn framførte folketonar frå Vestfold. Ho nytta også det finske nasjonalinstrumentet kantele. Paolo Vinaccia har nok mange hørt om før, men aldri har de vel hørt hagetrillebår som instrument verken i kyrkja eller andre stader! Paolo kjem frå Italia og har budd i Norge sidan 1979 og har bidrege på over 100 plater! Henning Sommero deltok også, og er vel den som står bak mykje av det musikalske under Vårsøghelga, som denne konserten var ein del av.


Fiolinistsolisten Viktor Stenhjem


Juniorsolistene


Perkusjonisten Paolo Vinaccia hadde variert utstyr


Stor opplevelse også for Henning


Tone Krohn, her med kantele


Tekst og foto: Ole Trygve Foseide