
Pipebrann
Brannkorpset i Surnadal hadde ei utrykning til ein pipebrann i Øvre Surnadal søndag kveld. Dei fekk raskt kontroll over brannen, men inne i huset "ser det ikkje ut", fekk vi høre. Vindua stod oppe, så det trongs nok utlufting, og det var visst ikkje fritt for sot heller. Det var ingen annan skade.

.png)

