Picasa

Meir frå Næringslivsdagen 2013

PipeLife i grønt lys

Kjell Larsen frå Pipe Life Norge AS fortalte om det flotte resultatet dei hadde i 2012, netto omsetning på 835 millionar. Dei var ikkje ferdig med feiringa enda. I 1973 var omsetninga 2 mill. Det var vekst både i Norge og internasjonalt.

PipeLife jobbar med vatn, og vatn er grunnlag for alt liv, seier adm.dir. Kjell Larsen.  Vi følgjer den grøne tråden! 

 

Bedrifta som Martin Botten starta, laga sementrør. Så kom det plastrør på marknaden. Da gjekk Botten over fra betong til plast, - i staden for å bli utkonkurrert av plast, tok de ibruk plast.

1992 tok de ibruk nytt system koplingssystem, pragma - som er tatt ibruk av konkurrentene etter kvart.


 

Klimaendringane gir auka etterspørsel etter PipeLife-produkt, og det gjeld heile verda. Enten er det mangel på vatn eller for mykje vatn. Det blir ei utfordring for infrastukturen.


 

PipeLife ser seg sjølv som ein del i den grøne verdikjeda. Røra Pipelife produserer har svært breitt bruksområde:


 

Produkta blir nytta til reinsing. Rør leder vatn fra sjøen og til sjøen.


 

Nyleg leverte PipeLife rør for 200 mill til Marokko for å lede og rense gruvevatn

 

Rør i samband med el-installasjon har revolusjonert denne.


 

Rør leder gass.


 

Rør blir bruka i matproduksjon. Ein annan leveranse gjekk nyleg til Portugal til eit havbruksanlegg på land i Portugal.


 


 

Transport er ei utfordring, både til lands etter landevegane våre og til sjøs. Larsen fortalde om imponerende havtransportar av rør som måtte greie seg i sterkare vind enn oterbris. Suezkanalen er ei anna utfordring. Med åpen kanal vil eit nytt stort marked opne seg, men da vil dei små taugbåtane som dreg rørflåtane møteproblemet med piratar.


 

Amerika er ein vanskelig marknad. PipeLife håper på å komme inn der også.


 

For enda ein gong å trekke litt i den grøne tråden, forklarte Larsen litt om muligheitene det låg i å bruke rør til å utnytte den store temperaturskilnaden det er på overflatevatn og botnvatn i amerikanske farvatn til energiproduksjon.


 

Larsen var svært godt fornøgd med ein fantastisk vekst for PipeLife, og PipeLife ønsker å utvikle seg videre i Surnadal. Nå tiner vi halvanna meter tele for å utvide på Syltbakken, sa han. Det blir største utvikling sidan overgangen til plast for fabrikken i Surnadal!