
...men rådmannen seier nei til kommunal støtte
Planlegg lyd- og lysanlegg til 450.000 kr i diskoteket
"Nye" Vårsøg Hotell er no teke i bruk, men diskoteket "Råkk" blir ikkje ferdig og teke i bruk før inntil jul. Hotellet har sett av 300.000 kroner til lyd og lys på diskoteket, men Trondheim Lyd og Lys AS har anbefalt eit anlegg til cirka 450.000 kroner for at uteplassen skal få eit ”tøft” nok lys- og lydbilde. Difor har Vårsøg Hotell bedt Surnadal kommune om eit bidrag, slik at ein får realisert eit ungdomstilbod i Surnadal som kan måle seg med dei beste kva angår lyd og lys.

"Råkk" skal ha 18-årsgrense, og Vårsøg Hotell understrekar i søknaden at slike uteplassar er krevjande å få til ein sunn økonomi i. Maksimalt berre ein til to kveldar i veka kan ein få til omsetning som forsvarer kostnadane. Likevel ser hotellet dette som ein viktig del av deira rolle i lokalsamfunnet.
Formannskapet skal drøfte søknaden tirsdag 16. november, og i si vurdering av saka skriv rådmannen at surnadalssamfunnet skal vere glad for at hotellet vel å investere i denne ungdomsgruppa.
"Utetilbodet i Surnadal til denne gruppa er pr. dags dato ikkje spesielt godt. Det å investera i denne ungdomsgruppa er å investere i framtida, samt ei investering for at ungdommen finn eit attraktivt og variert fritidtilbod i kommunen", heiter det i sakspapira.
Likevel tilrår rådmannen at søknaden frå Vårsøg Hotell om støtte på 150.000 kroner ikkje blir imøtekomen. Dette mellom anna fordi saldosituasjonen på næringsfondet gjer at bruken av fondet no bør prioriterast enda strengare enn det som har vore praktisert.
Rådmannen meiner investeringa ikkje ligg innafor området som næringsfondet skal prioritere sterkast i henhald til vedtekter og kommunale vedtak. Han påpeikar også at "frå somme synspunkt kan ein sjå på ei slik støtte som konkurransevridande, dette sjølv om ein ikkje har eit eksakt tilsvarande tilbod i Surnadal pr. dags dato".
I tillegg meiner rådmannen det vil vere grunn til å tru at eit lyd- og lysanlegg til 300.000 kroner også kan vere tilfredstillande nok, sjølv om ein kunne ønska seg eit anlegg frå øvste hylle. "Det let seg også gjere å skaffe modulbaserte anlegg som ein kan utvide og bygge på etter kvart. Det kan forhåpentlegvis gjerast også i dette tilfellet".

.png)

