Plantenamn i Rindal
Som utflytta surndaling (med aner frå Rindal!) på strilalandet er det med stor glede og interesse eg mest kvar dag er inne på Trollheimsporten for å halda meg oppdatert om kva som skjer på Nordmøre. Det er forvitneleg å følgja med på innlegga om rindalsdialekta, særskilt dei om plantenamna. I det høvet har eg eit par merknader.
Som både redaktøren og Ragnhild Stavne Bolme skriv, er løåblinn eit namn på geitrams. Eg har funne fram kva Ove Arbo Høeg skriv om geitramsen i Planter og tradisjon. Floraen i levende tale og tradisjon i Noreg 1925-1973. Høeg skriv mellom anna dette:
Lu`blend, m., Sunndal, Surnadal (løåblinn; navnet, som synes å ha vært vel kjent I bygda, forklares som uttrykk for at frøullen setter seg i øynene på folk og gjør en blinn f. eks. når en kaster høyet inn på markaløa), Oppdal (gammel namn som har som har holdt seg merkelig godt en variant er lubreng. Ola setrom bruker ordet i Den raude logen om en rødhåret [person]: Håret hans lyste raudt som lublenden i gråora ein augustdag), Orkdal (liublenn).
I Anne Skjølsvold si liste frå boka til Eilert Moe er eit par trykkfeil. For myrlopp og løåblinn er det latinske artsnamnet i båe tilfelle skrive augustifolium. Det rette er angustifolium, som tyder med smale blad.
Så eit spørsmål til slutt: Er det nokon i Rindal eller Surnadal som kjenner til lokale namn på vadefuglen raudstilk?
Mvh Leif Ragnar Fiske

.png)

