
Plassering av nytt dagsenter vedteke
Kommunestyret i Surnadal vedtok i dag endeleg plassering av det nye dagsenteret i forbindelse med rivinga av det gamle dagheimsbygget når nye Øye barnehage står ferdig. Den nye plasseringa av dagsenteret vil vere eit området ved Sommerro. No startar utarbeidinga av ei detaljert byggeplan for området.
Nært sentrum
Mons Otnes (ordførar) er svært positiv tilden nye lokaliseringa. Han argumenterer med at samlokalisering og sentrumsnær plassering er bra for både brukarar og tilsette då dei kan bruke mindre tid på transport og meir tid på omsorg.
Berekraftig bygging?

Senterpartiets representant Else B. Andresen (til høgre) er einig med ordføraren når det gjeld samlokaliseringa og at det gjer det enklare med transport. Likevel er ho litt skeptisk til planlegginga, då ho meiner at ein bør tenkje seg godt om før ein øydelegg dyrkamark. Ho meiner ein må tenkje langsiktig og vurdere eventuelle framtidige konsekvensar, da ho erfarer at slike byggeprosjekt gjerne akselererar nye byggeprosjekt. Inger Johanne Iversen frå SVstøtter Andresen i akkurat dette, og ønskjer heller ikkje at det skal byggjast i for store dimensjonar på Sommerro.
Økonomiske forhold
Høyres representant Ingvar Sæter er meir forundra over størrelsen på dei nye lokalane. Han trur det går an å spare areal, da det per dags dato ligg langt over det arbeidsmiljølovens krav. Den einaste stemmen frå kommunestyret som talte mot den nye plasseringa av dagsenteret kom frå Odd Asbjørn Bævre (Ap). Han meiner nybygget er unødvendig, og meiner at man heller skulle tenkje økonomisk og pusse opp det gamle dagheimsbygget.


.png)

