julekonsert kulturskulen ons1_350x271

"Poilla-karrainn" på førjulskonsert

Dramagruppa sine tolkingar av Hans Hyldbakk-dikta "Polla-kairrainn" og "Nedpå Moå" var blant mange høgdepunkt, da elevar og lærarar ved Kulturskulen på Indre Nordmøre inviterte til førjulskonsert onsdag kveld. Sjå stor bildekavalkade her!

Rock, ballader, pianospel, dans og teater sto på programmet i Storstuå, der både heilt ferske og litt eldre elevar underheldt for foreldre, søsken og andre som hadde funne vegen i snøveret for å få med seg den flotte kulturopplevinga.

Her følgjer ein fotografisk stemningsrapport. Klikk på bilda for større versjonar!

julekonsert kulturskulen ons1
Poilla-karrainn på besøk!
julekonsert kulturskulen ons2
Nedpå Moå går høna og hanen og storglor...
julekonsert kulturskulen ons3
Fleire dansegrupper var i aksjon. Her dei eldste.
julekonsert kulturskulen ons4
Nissedans høyrer sjølvsagt med!
julekonsert kulturskulen ons13
Glade barn og stor stemning på scena.
julekonsert kulturskulen ons5
Mange ulike dansestilar vart presentert.
julekonsert kulturskulen ons6
Torstein Snekvik og resten av Surna River Band framførte sjølvsagt MGPjr-vinnaren Svikter aldri igjen.
julekonsert kulturskulen ons7
Det nystarta bandet Black - med hjelp frå lærar Rune Dalager - framførte U2-låta One.
julekonsert kulturskulen ons8
Nissen var innom på scena...
julekonsert kulturskulen ons10
Rocken var godt representert, med ein klassisk vri.
julekonsert kulturskulen ons11
Heile gjengen samla på scena for å ta imot applaus.