![politi[1]_350x234_350x234](https://img7.custompublish.com/getfile.php/1578042.1537.ubsewctrqw/690x0/5016107_1578042.jpg)
Politiaksjon etter mistanke om narkotika
Onsdag kveld har fleire vorte stoppa av politiet i Todalen etter at dei hadde vorte tipsa om bruk av narkotika i området rundt Ansnessaga. Frå Opreasjonssentralen i Kristiansund har todalen.no fått informasjon om at aksjonen var vellukka i den grad at tre ungdomar i 19-20 årsalderen vart pågripne for bruk av narkotika. Det skriv nettportalen Todalen.no.
Operasjonsleiar Aakenes i Kristiansund fortel at dei tre ungdomane erkjente bruk under avhøyr ved lensmannskontoret i Surnadal. Den eine kjendt for politiet frå før. Bakgrunnen for kveldens aksjon kjem seg av tips frå arbeidfolket på Ansnessaga som tidlegare i veka fann brukarutstyr ute på området. Dei hadde også registrert unødig trafikk på industriområdet i den siste tida.
www.todalen.no