
Populær juleutstilling
Lærar Inga Dalsegg hadde all grunn til å vera stolt over dei mange dyktige elevane sine. Her saman med Pernille og Mali og kunstverka deira. Foto: Torbjørn Larsen.
Før dørene vart opna, var det underhaldning slik det brukar å vera på opningsarrangement av dette slaget. Til dette henta også Kulturskulen artistar i eigne rekkjer. Malin og Alise Einmo og Inga Husby Foss, alle elevar ved skulen, spela kvar sin melodi på piano. Etterpå vart dørene opna, og eit talrikt publikum sleppt inn til ei kunstutstilling som viste stor breidde- både når det gjeld motiv og måleteknikk.Inga Dalsegg fortel at elevane har jobba med både akrylmåling og mange forskjellige teikneteknikkar; kolstift, akvarellfargeblyant, penn, pastell og meir. Av tema og motiv er det både menneske, dyr, fabeldyr, alvar, troll, dinosaurar og stilleben å sjå på utstillinga.
Dei yngste utstillarane var berre ni år gamle, medan dei eldste var 16. Alle var derimot frå Surnadal og Halsa. Det vil bli ei liknande utstilling i Rindal om eit par veker. Da er det nemleg Rindalselevane sin tur til å vise fram kva dei har jobba med i haust.
Klikk på bileta for å sjå dei større eller i serie!