StikkUT!-ski melder:
Posten ved Tjønnmyran stengt
Stikk UT! ski-sesongen starta 15. desember, og dei fleste postane i Surnadal kommune er opna. Eit unntak er posten oppe på Tjønnmyran i Todalen. Her er det vegarbeid like ved, og det er omkøyring om Tjønnmyran.
Posten her blir derfor ikkje opna før vegarbeidet er ferdig. Oppstart vil bli kjentgjort.