preike

Preika for 1. juledag

Joh 1, 1-14. Kapellet 1. juledag 2014

I begynnelsen var Ordet.

Ordet var hos Gud,

og Ordet var Gud.
 

Han var i begynnelsen hos Gud.
 

Alt er blitt til ved ham,

uten ham er ikke noe blitt til.
 

Det som ble til
 i ham, var liv,

og livet var menneskenes lys.
 

Lyset skinner i mørket,

og mørket har ikke overvunnet det.
 


Et menneske sto fram, utsendt av Gud. Navnet hans var Johannes. Han kom for å vitne. Han skulle vitne om lyset, så alle skulle komme til tro ved ham. Selv var han ikke lyset, men han skulle vitne om lyset.
 


Det sanne lys, 
som lyser for hvert menneske,

kom nå til verden.
 

Han var i verden,
 og verden er blitt til ved ham,

men verden kjente ham ikke.
 

Han kom til sitt eget,

og hans egne tok ikke imot ham.
 

Men alle som tok imot ham,

dem ga han rett til å bli Guds barn,

de som tror på hans navn.
 

De er ikke født av kjøtt og blod,

ikke av menneskers vilje

og ikke av manns vilje,
 men av Gud.
 

Og Ordet ble menneske

og tok bolig iblant oss,

og vi så hans herlighet,

en herlighet som den enbårne Sønn

har fra sin Far, 
full av nåde og sannhet.


- Kva er det som er best med jula? I alle fall før jul veit eg det heilt sikkert: Det beste med jula er å bli mest mogeleg ferdig til jul. Pappeskane til julepynten skal vera ute av synsvidde fram til 20. dag jul. Juledukane skal vera på plass. Det skal vera reint nok. Sølvtøy, kopar og messing skal skinne om kapp med ledlys og stearinlys. Det var det praktiske.

- Kva er det som er best med jula kva angår følelsane og sinnet? Det skal vera fred utan stress. Julesongar. God lukt av mat og vaskemiddel. Me skal kose oss og ha det bra. Og for all del skal det vera gåver å gle seg over å gje og få.

- Men kva med det åndelege, kva er det beste med jula kva sjelslivet angår?

Han er så flink til å forklare det for oss, han Johanes. Det er så store ting som er pakka inn i enkelt språk. Ordet vart menneske. Me høyrer det. Me tenkjer på det. Me gjer som Maria og tek vare på det i hjarta. Ordet slik det kjem gjennom øyrene våre og byr på seg sjølv til sinnet som er bortimot fullfinanisert av julereklamane der den skrik imot oss om kos, hygge og latterleg belleg ribbe til jul.

Ordet med stor O er ikkje velkomment over alt. Det er for mykje støy, materialisme, stress og kvardagar som går så i eitt som skulle me alle hatt sansane våre inntulla i grå stær.

Men om me ristar av oss alle heimelaga filter og sikkerheitsnett og søkjer til Ordet, til sanninga, til lyset, til gleden slik den berre kan koma ovanifrå ... om så skjer, så skjer det!

Det hender eg får spørsmål som ei undring: Kvifor feirar alle jul sjølv om ikkje alle trur på Jesus? Kulturopen som eg bør vera, svarar eg at det er så mykje som er koseleg og tradisjon med jula, uavhengig av tru og vantru. Endå til englar kan gå an som dekor ved sida av nissar og glitter.

Kvifor feirar så me jul, om det er så me trur på Jesus? Me kjem ikkje utanom dette enkel-vanskelege ordet inkarnasjon. Gud kjem til oss. Gud fekk hud med jula. Hud og hår, stall og krubbe - og ei mor.

Me har ein frelsar med hud og hår. Med følelsar og med sjel. Han som sjølv er Ordet med stor O og lyset med stor L. Han kjem til sine eigne og ber om å bli teken imot. Han er det sanne lyset som lyser for alle. Han er her, her i vår verden.

I fyrste omgang kan det vera enkelt å både sjå og høyre, men vanskeleg å tru dette om inkarnasjon, om Gud som blir menneske, om han som lyser og er lys for folk.

Seinare kan det bli omvendt. Det fell enkelt å tru dette om inkarnasjon, at Gud får hud og blir menneske og lyser og er lys for folk. Men om det er til å begripe?

Sjølv syns eg det blir vanskelegare og vanskelegare å begripe, gripe med vit og forstand. Men å tru? Har det skjedd, så er det vel sant.

Dessutan er det så mykje liv, håp og framtid knytta til dette at Gud er menneske. Han er lyset vårt og nektar å lata seg knekke av mørkret. Endå til ein fjern lærdom frå fysikk-timane på skulen kan understøtte dette:

Det er lysets hastigheit me kan måle. Mørkets hastigheit let seg ikkje måle.

Så feirar me vår jul i glede over eit ubegripeleg under som me både kan tru og setja håpet vårt til.