Rindal kirke 1 2015_690x459

Preika fra Rindal kyrkje Allehelgensdag

Rindal kirke Allehelgensdag -19. Joh.11, 19-27.

Mange av jødene var kommet til Marta og Maria for å trøste dem i sorgen over broren. Da Marta hørte at Jesus kom, gikk hun for å møte ham. Maria ble sittende hjemme. Marta sa til Jesus: «Herre, hadde du vært her, var ikke broren min død. Men også nå vet jeg at alt det du ber Gud om, vil han gi deg.» «Din bror skal stå opp», sier Jesus. «Jeg vet at han skal stå opp i oppstandelsen på den siste dag», sier Marta. Jesus sier til henne: «Jeg er oppstandelsen og livet. Den som tror på meg, skal leve om han enn dør. Og hver den som lever og tror på meg, skal aldri i evighet dø. Tror du dette?» «Ja, Herre», sier hun, «jeg tror at du er Messias, Guds Sønn, han som skal komme til verden.»

Tal vennlig, Jesus,
For min sorg er stor
Og mitt tap ikke til å bære.
Kom med trøst når jeg gråter.
Gi meg dager
Som igjen er fylt av glede. Amen.

Det var om morgonen 23. januar 2015. Min 52-års-dag. Siste gongen eg hadde sett bror min i live, var det klem til avskjed. No låg han i ei kiste i stabburet heime. Nesten 55 år gamal.

Plutseleg død. Eg hugsar eg mumla noko om at eg så gjerne skulle kunna vekke han opp att. Så bars det til kyrkja og begravelse.

Etter fire år utan syskjen har eg erfart at jau, det går an å leva vidare utan bror sin. Men det vart ansleis. Og – om mogeleg, så fekk min eigen familie og hans familie endå større betydning for meg enn før. Dette å ha kvarandre er så viktig!

Herre, hadde du vore her, så hadde ikkje bror min vore død. Slik møter Marta Jesus. Ho har mista Lasarus, bror sin. Og ho har sett nok av Jesus til å vita at han skulle vore kompetent til å ordne opp og reversere den dødelege sjukdommen.

Men no, no når Lasarus er død, er vel alt håp ute?

Kor gjerne eg skulle kunna vekke deg opp att!

Og så er det det Jesus gjer i fortsettelsen av det som er vår preiketekst i dag. Han kan det umogelege og naturstridige. Han kan det – og han gjer det.

Og Jesus presenterer seg så det skulle halde både for Marta og Maria, for alle venene som er i lag med dei i sorga – og for oss som er i lag no: Eg er oppstandelsen og livet. Den som trur på meg skal leva sjølv om han døyr.

Kva er slike utsagn, anna enn naturstridig? Døden kjem me ikkje utanom, nokon av oss. Nokon er slitne av livet og lengtar etter døden, mens andre ynskjer inderleg å få fleire år og sjå borna sine vekse opp. Og sorga bèr me på kvar vår måte: Med tårer og tungsinn, med sinne og fortvilelse, resignasjon og depresjon. Me bèr henne med oss, sjølv om ho kan vera både tung og dryg. Ho pregar oss, men me vil ikkje vera den forutan.

Og Jesus tek heller ikkje sorga ifrå oss slik han gjer det hjå Marta og Maria når han vekkjer Lasarus opp frå døden så han får fleire år i lag med sine og endå til blir biskop i Kition på Kypros.

Men han gjev oss håpet når han gjev oss seg sjølv. Eg hadde nær sagt: Var ikkje dette nok? Kva meir treng me, kva meir har me å forvente, kva meir har me å krevja eller sutre over at me ikkje får?

I Jesus fekk me nøkkelen til livet, - han seier det jo sjølv at han er oppstandelsen og livet i eigen person. Den som trur på meg skal leva sjølv om han døyr. Den som trur på meg skal leva i tross mot døden.

Me har sett det før i gudstenesta: Johan og Nathalie Annabel fekk det nye livet. Små som dei er, fekk dei si grav i døypevatnet her i kyrkja. Dei fekk det symbolsk, mens Jesus bar deira død også – som han bar vår død. Dei er reist opp att til det nye livet i Jesus, til det nye livet som ikkje dødskreftene kan ta.

Kan desse to tru på at Jesus er oppstandelsen og livet? Er trua deira sterk nok, liksom? Og kva med oss? Kor mykje tru har me å syne til – enn seie skryte på oss?

Fint lite. Men hvis alle prognosar peiker nedover og nedover mot død og grav og Jesu ord om oppstandelse og liv er dei einaste kreftene som kan dra oss opp frå undergangen – kvifor skulle me ikkje då setja vår lit til han? Kvifor skulle me ikkje, - det står jo tross alt om livet!

Kor gjerne skulle eg ikkje kunne vekke deg opp att! Eg kunne ikkje vekke opp att bror min. Det å halde i eit tau og vera med og senke kista var det siste eg kunne gjera for han. Men likevel – i all min mangel på evne til å gjera meir sjølv, blir det å lata Jesus ta seg av dette òg, - han som er oppstandelsen og livet i eigen person.

 

Sokneprest Lene Gåsvatn