
Preika konf.gudstenestane -12
Var du ikkje på konfirmasjonsgudsteneste laurdag kl.11? Vil du ha med deg ein konfirmasjonsgudsteneste, kan du koma i Rindalskyrkja laurdag 26. kl.11. Vil du berre lesa preika, kan du gjera det her. Venleg helsing soknepresten.
Konfirmasjon -12. Joh.3,16-21.
Kva er ein konfirmasjonsdag? Det er meny. Klede. Sølvtøy. Kvite dukar. Bordpynt. Gjester. Talar. Meir gåver enn de har godt av. Og eit selskap som plutseleg er over. Var det ikkje meir?
Menyen har nok fleire delpunkt ifrå forrett og til kransekake. Så òg med talane. I dag kjem de til å få både takk og formaning – både ved middagsbordet og her.
For å ta det beste fyrst: Eg vil takke konfirmantar og foreldre og sokneråd med for ein kjempeflott gjennomført Kirkens Nødhjelp aksjon i vår. Takka vera dykkar innsats, vart det samla inn kr. 33.702 brutto og 33.702 kr. netto til Kirkens Nødhjelp. På vegne av mange som har tilgang på mindre enn dei har godt av: Tusen takk!!
Dessutan vil eg takke dykk som er konfirmantar for eit flott år i lag med dykk. Nokre gonger har det vore litt drygt både for dykk og meg å gå på Bedehuset etter vanleg arbeidstid, men det har då gått på eit vis. Frekke og uoppdragne er det ingen av dykk som er – æres den som æres skal for det! De er derimot fulle av meirsmak – eg har lyst til å ha meir med dykk å gjera. Når eg ser av svara dykkar til samtalegudstenesten kor høgt de set dette å gå til gudsteneste, lovar det godt for kyrkjesøkinga i Rindal. Eg skal tru de veit at de ikkje berre alltid er velkomne til kyrkje – men òg at de har ein heim i kyrkja.
De har ein heim i kyrkja – og de høyrer til i Guds rike. Gløymer de mykje av alt det andre me har drive med i konf.undervisningen, gløymer de neppe dette. Og alt baserer seg på dette at Jesus ikkje berre vil oss vel, men at han også elskar oss.
Me skal stå og høyre det som er preiketeksta for i dag, henta frå evangelisten Johannes i det 3.kapittel:
For så høyt har Gud elsket verden at han ga sin Sønn, den enbårne, for at hver den som tror på ham, ikke skal gå fortapt, men ha evig liv.
Gud sendte ikke sin Sønn til verden for å dømme verden, men for at verden skulle bli frelst ved ham. Den som tror på ham, blir ikke dømt. Den som ikke tror, er allerede dømt fordi han ikke har trodd på Guds enbårne Sønns navn.
Og dette er dommen: Lyset er kommet til verden, men menneskene elsket mørket høyere enn lyset fordi deres gjerninger var onde.
For den som gjør det onde, hater lyset og kommer ikke til lyset, for at hans gjerninger ikke skal bli avslørt.
Men den som følger sannheten, kommer til lyset, så det skal bli klart at hans gjerninger er gjort i Gud.»
Når me høyrer eit slik stykke Bibeltekst lese, kan me ta det på to måtar. Me kan hekte oss opp i det positive eller det negative.
Kva var det negative? Det var ord som dømme, fortapt, elske mørket, vonde gjerningar, hate lyset.
Så er det fritt for alle som er her å gå heim og tenke med seg sjølv: I Rindalskyrkja høyrde me berre vonde ord. Det var ord om dom og fortapelse, om å elske mørket, vonde gjerningar og om å hate lyset.
Han høyrer kva han vil høyre…. Utsagnet kjem ofte frå yngre folk som har funne ut at gamlingen ikkje er fullt så tunghøyrt som han vil ha det til. Slik er det med oss folk òg. Me høyrer det me vil høyre. Om det så er berre ein bit av sanninga.
Kvifor trur de at Jesus målar for oss desse negative orda som dømme, fortapt, elske mørket, vonde gjerningar og hate lyset?
Fordi han vil syne oss alternativet!! Nemleg. Vil me høyre kva Jesus byr oss i staden for dette ubehagelege?
Det kan samanfattast i det me kaller for den vesle bibelen: For så høgt har Gud elsket verden at han va sinn Son, den enbårne, for at hver den som tror på ham, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.
Var dette mørkemanns tale? Var dette stygt og forkasteleg? Var dette fordømmanes?
I tilfelle må de berre få med dykk neste vers: Gud sendte ikke sin Sønn til verden for å dømme verden, men for at verden skulle bli frelst ved ham. Den som tror på ham, blir ikke dømt.
Me får måla to vegar opp for oss. Den eine vegen går gjennom frelsa i Jesus Kristus. Den andre vegen går utanom frelsa i Jesus Kristus.
Vegen som går gjennom frelsa i Jesus Kristus går rett gjennom hjarta på Gud. Han sender Jesus til verda for å gje oss frelse. Han sender Jesus til verda for å gje oss lys over vegen og framtida vår. Han sender Jesus til verda for å gje oss tilgivelse, frelse og eit liv som varer evig.
Jesus vil alltid hjelpe oss. Me går aldri aleine.