Preike Øvre Rindal kapell sundag
Her kan du lese preika fra Øvre Rindal kapell i dag, sundag 9. mars. Freisting er tema, og praten Sonen og Satan har etter at Jesus har vore fastande i førti dagar og førti neter.
Preike Øvre Rindal kapell 09.03.14.
1 Sidan førte Anden Jesus ut i øydemarka for at djevelen skulle freista han.
2 Han fasta i førti dagar og førti netter, og til slutt tok svolten han.
3 Då kom freistaren til han og sa: «Er du Guds Son, så sei at desse steinane skal bli til brød!»
4 Jesus svara: «Det står skrive:
Mennesket lever ikkje av brød åleine,
men av kvart ord som går ut frå Guds munn.»
5 Då tok djevelen han med seg til den heilage byen, sette han ytst på tempelmuren 6 og sa: «Er du Guds Son, så kast deg utføre! For det står skrive: Og: Dei skal bera deg på hendene så du ikkje støyter foten på nokon stein.»
7 Men Jesus sa til han: «Det står òg skrive: Du skal ikkje setja Herren din Gud på prøve.»
8 Så tok djevelen han med seg opp på eit svært høgt fjell og synte han alle rika i verda og deira herlegdom
9 og sa: «Alt dette vil eg gje deg om du fell ned og tilbed meg.»
10 Men Jesus sa til han: «Vekk med deg, Satan! For det står skrive: Herren din Gud skal du tilbe, han og ingen annan skal du tena.»
11 Då gjekk djevelen frå han, og sjå, englar kom og tente han.
Matt 4,1-11
Og til slutt vart Jesus svolten. Ja, det må me gjerne forstå, me òg. Sjølvsagt blir Jesus svolten når han har surra rundt i ein ørken i 40 dagar og 40 netter. Det blir lange dagar og lange neter utan mat, det!
Å vera utan mat i 40 dagar og 40 neter blir mildt sagt drygt. Jesus er sliten både psykisk og fysisk. Og der, når han er på sitt mest utslitte og sårbare, kjem fristaren.
Eg ser kva som er typisk for han som skal friste, han som blir kalla for djevelen: Han er så full av forståelse! Det er mesta som om djevelen er full av empati og innleving i korleis det må vera å gå i Jesu sandalar – om han har såpass som eit sandalpar.
Ein forståelsesfull djevel .... det var liksom ikkje dette me ser for oss når me vedkjenner forsakinga før dåpen: Eg forsakar djevelen og alle hans gjerningar og alt hans vesen.
Men korleis skal me kunne forsake og snu ryggen til ein figur som er så forståelsesfull?? Det har han alltid vore, - like frå den tid Eva og Adam gjekk rundt i Edens hage. Der opptrådde han som ein slange, nærare bestemt: Slangen som var listigare enn alle ville dyr som Herren Gud hadde laga.
Der skjer det fatale som får så store fylgje for alle folk, det fatale som Gud grip inn og gjer sitt for å rette opp att når han bokstaveleg talt bryt inn i tidsrekninga vår og syrgjer for at Jesus blir født.
Fatalt for oss?? Forsåvidt ikkje, berre me let Gud lære oss å fylgja vegane hans.
De gjer det for Saga i dag: De bøyer dykk for Guds betingelsar og let henne døype til Faderens og Sonens og Den Heilage Andes navn, - eller som Paulus seier det: Ho blir døypt til Jesu død og står opp att frå dåpen i ein oppstandelse lik Jesu oppstandelse til nytt liv i Jesus.
Han me forsakar både kva alt hans vesen og alle hans gjerningar angår, kan nok demonstrere sitt av empati både overfor Eva og Adam, Jesus og einkvan av oss også.
Skjer det med oss, - i små drypp så me ikkje merkar det, eller som store hendingar som får konsekvensar både for oss og andre .... så kan me gjera som Jesus i øydemarka der han har sin dialog med fristaren:
Han svarar med Ordet, han brukar Gudsordet som beskyttelse mot denne forståelsesfulle slimålen av ein djevel.
Kanskje skulle me, i dag og i tider som kjem, leggja oss på sinne kva Gudsord Jesus møter vondskapen med:
Mennesket lever ikkje av brød åleine, men av kvart ord som kjem frå Guds munn.
Du skal ikkje setja Herren din Gud på prøve.
Herren din Gud skal du tilbe, og einaste han skal du tene.
Tenke seg til!! Det kunne koma ein ny vår både for oss og for dei me til tider går på nervene om me brukte Guds ord på dette viset.
Då ville me vita kva me treng i tillegg til mat.
Då ville me forstå at Gud vil vel.
Og då ville me sjå det store i å kunne tilbe Gud og tene han gjennom å gjera godt mot anna folk. Eg vil meine det ikkje står på oppgåver me kunne gå inn i om me ville tene Gud og vår neste - .
Blir dette for vidløftig for oss, kunne me altids ta ein tur i hukommelsen og pusse eitkvart støvkornet av dei ti buda: Ha berre Gud til Gud, halde kviledagen heilag og halde opp med å trø etter det som ikkje er vårt. Om me så maktar å heidre foreldra våre, skulle det endå til gå oss godt så me får leva lenge i landet.
Oppgåvene er store nok. Eg ville tru me har kompetanse så det held. Viljen til å vera god og gjera godt er det fullt mogeleg å be om å få – om det er det me vil.