
Preike Rindal kyrkje 03.04.11
Gudsteneste i Rindal kirke 03.04.11 – Midtfaste/4.s.i faste.
Prekentekst Joh 6,1-15:
Sidan drog Jesus bort til andre sida av Galileasjøen, som òg heiter Tiberiassjøen. Og mykje folk følgde etter han, for dei såg teikna han gjorde då han lækte dei sjuke.
Jesus gjekk opp i fjellet og sette seg der saman med disiplane sine. Det nærma seg no påske, høgtida til jødane.
Då Jesus lyfte blikket og såg at det kom mykje folk til han, sa han til Filip: «Kvar skal vi kjøpa brød så alle desse kan få mat?» Det sa han for å prøva Filip, for han visste sjølv kva han ville gjera.
Filip svara: «Brød for to hundre denarar er ikkje nok til at kvar av dei kan få eit lite stykke.» Ein annan av disiplane, Andreas, bror til Simon Peter, sa til han: «Det er eit barn her som har fem byggbrød og to fiskar, men kva er det til så mange?»
Då sa Jesus: «Lat folket setja seg!» Det var mykje gras der på staden, og dei sette seg. Talet på mennene var omkring fem tusen.
Då tok Jesus brøda, bad takkebøn og delte ut til dei medan dei sat der. Like eins delte han ut av fiskane, så mykje dei ville ha. Då dei var mette, sa han til disiplane: «Samla saman dei stykka som er att, så ingen ting går til spille.» Dei samla saman og fylte tolv korger med stykke som var att av dei fem byggbrøda etter at alle hadde ete.
Då folket såg det teiknet Jesus hadde gjort, sa dei: «Dette er sanneleg profeten som skal koma til verda!» Jesus skjøna at dei ville koma og tvinga han med seg for å gjera han til konge. Difor drog han seg unna og gjekk opp i fjellet att, han åleine.
Slik lyder Herrens ord.
-Kva er dette vesle til så mange?
-Kor langt kan det rekkje med fem brød av simpelt bygg og to fiskar?
Me som har høyrt, veit svaret: Nei, det er ikkje for lite. Så langt derifrå. Det er så det held til tre tusen karar. Og dermed skulle enkel rekning bringe oss opp i eit antal på både 10 og 15.000 menneske om ein reknar med heile famliane.
Jesus tek imot brøda, ber takkebøn og deler ut så mykje folk vil ha. Like eins gjer han med fiskane.
Han deler ut og gjev det dei vil ha, folket. Restane blir samla opp att i tolv korger, og ikkje noko går til spille.
Brødet som blir brote, delt og gjeve vidare syner oss kven Jesus er.
Jesus køyrer ikkje show ved Galileasjøen. Han går ikkje opp på ei høgde og ropar ut som ein annan sirkusdirektør når store trisk og bragder skal synast. Nei, Jesus deler berre. Det er ikkje så alle ser, å nei, langt derifrå. Men alle får. Og alle blir mette.
Skal tru om me kjenner at Jesus i brød-underet som skjer her framme i kyrkja når me feirar nattverd? Jesus forklarer oss sjølv kva som skjer – seier han ikkje at ”Jeg er livets brød”?
Me ser at det skjer, forstår gjerne like lite som folkehavet ved Genesaretsjøen, men blir tilstrekkjeleg forsynt til at me kan tru på under. For kunne Jesus mette tre tusen karar forutan kvinner og barn den gong, kan han mette meg no.
Kva er eg svolten på, som Jesus skulle kunne mette meg med? Kva vil de ha, som de treng, de som er her?
Kom de for å kjenne på at de er svoltne – så de treng mat?
Jesus er mat for livet – eller livets brød som det heiter.
Og gjennom at me deler og et dette livets brød, får me sjølve livet. Livet, slik berre Jesus kan gje oss det.
I brødet som me bryt og deler, får me del i Kristi kropp. Me blir lik han som vart til synd for at me skulle bli heilage.
Det er over min forstand, dette. Og det er gjerne meir og større enn nokon av oss forstår. Men like fullt: Me kan ta Jesus på ordet, gjera ordet hans til vårt – slik uforståande folkehav ved Genesaretsjøen gjorde det. Så er det berre å lata det stå til så det skjer – var det under i tomme hender og tomt åkerland?
Oskar Stein Bjørlykke brukar fire små liner på å seie kva det er:
Så enkelt,
Herre.
Ete og drikke.
Du er nær.
Ære være Faderen og Sonen og Den Heilage Ande
Som var, er og vera skal
Ein sann Gud frå æve og til æve. Amen.

.png)

