norunn holten og siv oddrun snekvik 690

Band 3 lansert måndag:

Presenterte ny bygdebok

– Sjølv om det no er snakk om bok nummer tre, er vi like spente og stolte kvar gong, seier Siv Oddrun Snekvik. Ho ønska folk velkommen då det nyaste bandet, det tredje i bygdebok-rekkja, vart presentert måndag.

Saman med Norunn Holten er Snekvik tilsett for å jobbe med Surnadal kommune sitt bygdebokprosjekt, og duoen trekkjer fram ein stor og flink dugnadsgjeng som den viktigaste faktoren til at arbeidet med bøkene så langt er ein suksess.

– Heile prosjektet er i grunn eit kjempestort dugnadsarbeid. Vi får alltid positivt svar når vi spør, og er heldige som har så mange positive bidragsytarar.

Både grendakontakter, bygdeboknemnda, Slektsforum frå Indre Nordmøre og enkeltpersonar har hjulpe til med viktig arbeid, som mellom anna avskriving av kyrkjebøker, ringedugnader, sal, lån av fotoarkiv, bileteredigering og innhenting av informasjon.

Ei bok for året

Under lanseringa fekk publikum sjå ein presentasjon av boka, og arbeidet med ho, naturleg nok med "Vårsøg" som tonefølgje. Dette gav eit fint innblikk i ein omfattande prosess, som først starta med informasjonmøte på Evenshaugen allereie i august 2011.

Norunn Holten fortalte at bygdebokprosjektet no, med dei tre utgjevne bøkene, er ferdige med den delen som omhandlar stoff frå Hans Hyldbakk sine to bøker om "Heimar og ætter i Stangvik".

– Eit litt artig poeng er tidsbruken per band så langt. Vi bruka fleire år på den første boka, sidan vi då gjorde mykje jobb som gjeld for alle dei bygdebøkene som skulle kome etter den. I tillegg kunne vi ikkje gjere ferdig den første boka før alle kyrkjebøkene for Stangvik var ferdig avskrivne, seier Holten, og legg til:

– Difor brukte vi såpass lang tid på den første, medan band to tok eitt og eit halvt år. Denne tredje boka bruka vi eitt år på, og no er vi godt i gang med nummer fire. Plana er at det skal komme ut ei bok for året.

norunn holten forteller 690.jpg
Norunn Holten fortalte om arbeidet med både boka og resten av bygdebokprosjektet.

Avhengige av frivillig innsats

Litt ut i måndagens program fortalte Lars Polden i bygdeboknemnda mellom anna om utviklinga i prestegjelda i lokalområdet heilt frå 1589, med fokus på Stangvik. Han gav ei fin innføring, der han og kom inn på kommunesamanslåinga.

Polden understreka viktigheita av bidrag frå lokalsamfunnet for å få tak i korrekt infomasjon om den nyare historia.

– Vi er rett og slett heilt avhengige av å få inn informasjon frå den enkelte for å få på plass det nyare stoffet, heldigvis har folk vore glade for å hjelpe til.

Han slo og fast at det så langt er bruka om lag 30-35 årsverk med frivillig arbeid i bygdebokprosjektet.

lars polden og slektsforum for Indre nordmøre 690.jpg
Lars Polden, som sjølv er ein del av bygdeboknemnda, delte ut bok til Eva Riktordatter Hagen (t.v.) og Torhild Halset i Slektsforum frå Indre Nordmøre. Alle frivillige bidragsytarar fekk bok som takk for innsatsen.

Dugnad verd 14 millionar kroner

Kultursjef Lilli Husby fortel at det har vore rekna på verdien av den frivillige innsatsen som er lagt ned.

– Rundt rekna vil det i løpet av bygdebokprosjektet vere gjort dugnadsarbeid for 14 millionar kroner, seier Husby, og legg til:

– Vi er naturleg nok kjempestolte av dette, det er verkeleg gode, fine bøker. No gjelder det berre å halde tempoet og momentumet i arbeidet med band fire.

Bygdebøkene er å få kjøpt på Surnadal folkebibliotek, Notabene Surnadal og hos Hals i Todalen.

siv oddrun snekvik lilli husby 690.jpg
Kultursjef Lilli Husby (t.h.) takka Siv Oddrun Snekvik og Norunn Holten for glimrande arbeid med det tredje bygdebok-bandet.

bygdeboksalg 690.jpg
Etter lanseringa fekk publikum mulegheita til å kjøpe den nye bygdeboka.

bygdebokkake 690.jpg
Etter lanseringa fekk publikum servert både kaffi og marsipankake med bygdebokmotiv.

bygdebøkene 1-3 690.jpg
Brøskja-Kvanne (band 2), Åsbøen-Kårvatn (band 1) og Søyset-Hyllbakkan (band 3) er dei tre bygdebøkene som er ferdige så langt. Arbeidet med nummer fire har allereie starta.