
Pressa arbeidsforhold ved sjukeheimen

Dei tilsette ved sjukeheimen skal ha eit fellesmøte 12.april, og i juni skal kommunestyret få ein rapport om tilhøva ved heimen. Dette informerte rådmann Geir Vikan dei folkevalde om på kommunestyremøtet sist fredag.
I februar vart det gjort vedtak om at sjukeheimen som ei midlertidig ordning fram til juni, skulle utvide bemanninga på med to stillingar. Dette på grunn av ein noverande arbeidssituasjon prega av kortare vakter og større arbeidsbelastning som følgje av dei økonomiske innstrammingane i året som gjekk.
Ifølgje rådmannen sitt framlegg til årsmelding for 2010 vart det frå 1.november sett i gang ei prøveordning med såkalla vikarpool på sjukeheimen. Ein del av dei fast tilsette med små stillingar har fått tilbod om utviding av stillingane sine gjennom denne ordninga. Innføring av faste vikarstillingar innan same eining, har og ført til at fleire har fått utvida stillingane sine noko. Gjennomførte innsparingstiltak har på den andre sida ført til nye småstillingar i same periode.
I årsmeldinga blir det også slått fast at kommunen ikkje har klart å få til eit eige dagtilbod for heimebuande personar med demens, men ein del personar med moderat demens har fått tilbod om dagopphald ved dagsenteret ved sjukeheimen. Det er heller ikkje blitt oppretta eit demensteam til å jobbe med utredning, kartlegging, kompetanseheving og rettleiing.
Rådmannen har fleire gonger informert kommunestyret om vanskelige forhold på sjukeheimen knytt mot pasientar med diagnose innan rus/psykiatri. På grunn av forverra situasjon, har det blitt tvingande nødvendig å finne alternative løysningar for ein av desse i form av midlertidig bustad ved Sommerro. Den nye bustaden treng heildøgns bemanning, noko brukaren treng uansett kor han får tilbodet sitt.
Samla lønskostnader vil kome opp i over 4,3 millionar kroner per år, men ifølgje sakspapira vil refusjon frå staten redusere dette betydelig. Det tilbodet brukaren har fått ved sjukeheimen så langt har vore like ressurskrevjande. Den store utfordringa no blir å få på plass faglært personale. Tilbodet kan tidlegast starte opp 1.juni, slik at årskostnad er berekna til 1,1 million kroner. Kostnaden blir finansiert ved bruk av disposisjonsfond, vedtok kommunestyret fredag.

.png)

