IMGP7103

Pris til Igltjønna

Friluftsområdet rundt Igltjønna har fått pris frå Møre og Romsdal Fylkeskommune for den best universielt utforma turstien i fylket. Det betyr at området er tilrettelagt for dei fleste brukarane. Les heile meldinga om prisen nedafor!

 

Igltjønna i Rindal beste universelt utforma tursti i fylket

Igltjønna turistanlegg i Rindal er kåra til den beste universelt utforma turstien i Møre og Romsdal, og får ein premie på 30.000 kroner frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Igltjønna tursti er ei 2 km rundløype som går rundt Igletjønna i Rindal; eit område som er tilrettelagt for dei fleste brukarar. Området har m.a. opplyst løype, som på sommartid vil ha leielinjer i forhold til kontrastar, grus og gras.

Anlegget har også handikaptoalett og har gode moglegheiter for parkering, men denne må få merking spesielt for handikapplass. I tillegg har anlegget mange kvileplassar, men kan bli betre når det gjeld tilrettelagde sitjeplassar for rullestolbrukarar.

Pilotfylke innan UU
Møre og Romsdal er pilotfylke innan universell utforming, og det var friluftslivssatsinga i fylkeskommunen som sist sommar tok initiativ til ein konkurranse der ein ville finne den beste universelt utforma turiststien i fylket.

Juryen for UU-prisen fann at ingen av kandidatana fullt ut tilfredstillte UU. Det var spesielt mangel på tilrettelegging for synshemma, t.d. gjennom mangel på leielinjer. Ein såg også manglar i høve til tilrettelagte og merka parkeringsplassar.

Stimulere til vidareutvikling
- Målet med konkuransen var likevel å rette søkjelyset på universelt utforma (UU) friluftliv og dei tilboda som akkurat no er best tilrettelagt, seier Vegar Bellingmo i friluftslivssatsinga knytt til i kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune. Han viser til at tilsagnbrevet frå fylkeskommunen vil understreke at premiesummen skal brukast til å vidareutvikle området i forhold til universell utforming.

Fleire prisvinnarar
I tillegg til at Igltjønna turistanlegg vann førsteprisen på 30.000 kroner vart det delt ut to prisar til, der kvar får 10.000 kroner. Desse er:

* Kråkvika friluftsområde ved Flatevågen i Vestnes kommune. Her viser juryen til at løypa er godt tilrettelagt med fast dekke og lett tilkomst til området, at den har har handikaptoalett og handikap-parkering. Det blir også vist til at planene om vidareutvikling av området har eit sterkt UU-fokus.

* Turløypa i Vasset frilufts- og idrettspark i Sula kommune. Juryen viser til at det ligg føre ein gjennomgåande tanke om UU ved videreutvikling av rundløypa. Det er handikaptoalett i anlegget, men ein manglar handikap-parkering (dette er under planlegging). Turløypa i Vasset skal også nytte premiesummen til videreutvikling av rundløypa.

Juryen
Juryen som har kåra dei beste universelt utforma turstien i Møre og Romsdal er samansett slik: Målfrid Mogstad, leiar i eldrerådet i Møre og Romsdal; Leif Elde, medlem i rådet for likestilling av funksjonshemma; Vegard Bellingmo, prosjektleiar friluftsliv i Møre og Romsdal fylkeskommune; Åse Slatlem, rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune og medlem i prosjektgruppa for pilotfylke UU.