Picasa

Prøysenåret 2014

Prøysen til folket

Henning Sommerro leda på sin kjente måte ein engasjert samtale mellom Jørn Simen Øverli og Per Husby, som gav den store forsamlinga i biblioteket i kulturhuset auka kjennskap til Alf Prøysen.

Elin Prøysen har vore svært tilbakehalden med å tillate nye tekster til Alf Prøysen sine tekster. Det var akkurat dette Jørn Simen Øverli og Per Husby hadde ulikt syn på på Surnadal bibliotek lørdag ettermiddag.

Den forfattaren som har flest melodiar til tekstene sine er Bjørnstjerne Bjørnson. 8– 900 melodiar er skrevne til Bjørnsontekster, men Alf Prøysen er tett på og går kanskje forbi! Foreløpig er det registrert 817 melodiar til Prøysentekster.

Rekorden er 15 melodiar på ei tekst – «Møte». Teksta «Skaff meg en synder å tilgi» kjem rett bak.

Nye generasjonar må få del i Prøysen, seier Jørn Simen Øverli. Salget aukar med å vere meir open, og da opnar slektningane seg også.

Per Husby ser det som i orden med nye melodiar, men det er noko som heiter opphavsrett, og den er internasjonal. Ein har rett til å vere streng, men ein er ikkje nøydd, sa han om haldninga til Elin Prøysen.

Øverli la til at haldningane no går på at tolkarane også skal ha opphavsrett. Dette er ein aktuell debatt, - og viktig i musikk-kretsar, - for forfattarar, komponistar, arrangørar.

Bli betre kjen med Jørn Simen Øverli her!

Alf Prøysen skreiv ein einaste roman, «Trost i taklampa» kom i 1950. Den har vorte til både teater, film og musikal. Den var den mest selde romanen i Norge i 37 år!

I jubileumsåret set Det Norske Teatret opp ein ny produksjon av «Trost i taklampa».

Samtalen i biblioteket, med Prøysenbøker som bakgrunn, vart avslutta med urframføring av Olafs vise fra musikkspelet "Hu Dagmar" på nordmørsk (Svein Sæter) med melodi av Per Husby som akkompagnerte Henning Sommerro. Visa hadde urpremiære 17.mai i Øksendal, fortalte Husby, men da med Prøysens originaltekst.

Les også om Prøysenkonserten i Storstuå!