
Profero tar gjerne over Studiesenteret

Gisle Bakkeli sa i formannskapet at eit studiesenter absolutt var bra å ha. - Vi kan godt ta over oppgavene deira på våre vanlege betingelsar. Et studiesenter er med og hevar kompetansen i bedriftene i kommunen og kan vera med å heva kompetansen innad i kommunen, noko som er viktig å ha med seg, sa Bakkeli. Det blir opp til kommunestyret i budsjettbehandlinga å avgjere framtida for Studiesenteret i Surnadal og Halsa.
Til venstre Profero i Surnadal formannskap frå venstre og rundt bordet Magnar Holten, Gisle Bakkleli, Palmer Vikan og med ryggen til Gunnhild Bøklepp Bøe.
- Eg må først få seie at eg er svært glad for den omdømmeundersøkinga ordføraren her presenterte, sa Gisle Bakkeli, den nye daglege leiaren i Profero AS. Her kan du lese saka om omdømmeundersøkinga på Trollheimsporten, der Surnadal kom på topp.
Gisle Bakkeli presenterte seg sjøl og fortalte at han hadde drive mykje med prosjektarbeid. Samtidig skal han jobbe i Sør-Trøndelag Fylkeskommune ei tid framover, i tillegg til jobben i Surnadal.
- Eg gler meg til å kome og utvikle Profero vidare. Da er det viktig å samarbeide og dyrke vidare det gode omdømmet vi har fått, sa han.
- Det er viktig å sette kommunen på kartet, og da vil fylkesveg 65 vera eit verkemiddel, sa han og håpa på eit godt samarbeid med kommunen framover.
Under til høgre Profero i formannskapet med Gunnhild Bøklepp Bøe, Magne Holten og Gisle Bakkeli.


.png)

