Programmering som valfag i ungdomsskulen
Rindal skole og Surnadal ungdomsskule er blant fem ungdomsskular i fylket som får koding eller programmering som valfag frå hausten. Det skriv NRK Møre og Romsdal på nett i onsdag.
Pilotprosjektet med programmering som valfag startar skuleåret 2016–2017. I landet er det 146 skular som skal ha dette tilbodet, og fem av skulane er i Møre og Romsdal.
Det er elevar ved Surnadal ungdomsskule, Rindal skole, Ulstein ungdomsskule, Skodje ungdomsskule og Sula ungdomsskule som får dette valet her i fylket. Prosjektet varer til og med skuleåret 2018–2019.
– Programmering blir stadig viktigare å kunne, og no legg vi til rette for at fleire kan lære å kode allereie på ungdomsskulen, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen til NRK.
Les heile saka på NRK Møre og Romsdal sine nettsider: Skal lære å programmere robotar