Henning Sommerro med Hans Hyldbakk sin gamle gitar_500x333

Publikumsvenleg Henning-fest

Publikum strøymer til billettlukene for å sikre seg plass når Henning Sommerro skal hyllast under den avsluttande festkonserten «Henning – så langt!», søndag under Vårsøghelga. Alt folket blir ei positiv utfordring for arrangørane, og Gerd Ingrid Kvendset seier dei gjer det dei kan for å legge godt til rette for at alle som vil skal få med seg denne festen.
- Dei einaste som ikkje er velkomne er damer med stilletthælar, seier Kvendset og forklarar forbodet med omsynet til golvet, som rett og slett ikkje toler stillett.

- Elles veit vi det er fleire eldre som har kjøpt eller planlegg å sikre seg billett, men som kanskje er bekymra for å stå lenge i kø. Vi kan forsikre desse om at vi vil ha ein eigen kø for desse og evt. Andre som ikkje klarar å stå så lenge, seier Kvendset.

Ho oppmodar folk til å kjøpe seg billett på nett eller i vårsøgskranken på Surnadal kulturhus før dei kjem til hallen. Hallen opnar kl. 18, ein halv time før konsertstart og det vil bli kaffe og noko attåt å få kjøpe seg inne i hallen. – Vi skal sørge for at dette blir ein fin kveld, både for jubilant Henning og eit stort publikum, seier Kvendset.