NFIFwebtopp

«Pulsrunden» i Bæverfjord

Bæverfjord IL inviterer førstkomande søndag til ”Pulsrunden 2011”. Både barn og vaksne blir da oppfordra om å dra tur-retur Flessen for å markere Norsk Friidrettsforbunds 150-årsjubileum. Startpunkt er valfritt: Anten Belanaustan eller Solem, så det er opp til kvar enkelt å velje lengde på løypa.

Alle som deltar må uansett løypeval innom ved Belanaustan for å registrere seg. Det er også valfritt om ein vil gå, jogge, springe eller sykle gjennom løypa. Ta gjerne med barnevogn!

Dersom været tillet det, blir det pause med grilling på Flessen. Alle deltakarane får pin/merke etter vel gjennomført tur.

Det er som sagt Norsk Friidrettsforbund (over) som står bak konseptet ”Pulsrunden”, og det er eit arrangement som går over heile landet for å markere idrettsforbundet sitt 150-årsjubileum.

Mvh Norunn Holten, trimgruppa i Bæverfjord IL - medlem av Trollheimsporten. Klikk her og les mei om Bævefjord IL - bli medlem: Klikk her! Alle medlemmer her!