Rådmann blir kommunedirektør
Fem menn stemte imot då kommunestyret i Surnadal torsdag vedtok å endre stillingstittelen «rådmann» til «kommunedirektør».
Ingressfoto: Marit Granhus Langli var blant dei som tala varmast for endringa av tittelen rådmann til kommunedirektør.
Ordføraren si tilråding i saka om endring av stillingstittel til kommunedirektør var at Surnadal kommune bør gjennomføre tittelendringa.
– Dette er ei tilpassing til den nye kommunelova, som fleire kommuner, mellom anna Sunndal, har vedteke allereie. Eg tykkjer det er veldig bra at Surnadal kommune er framoverlente her. Vi er i fremste rekkje blant dei som gjer denne endringa, og det viser at vi er åpne for endring og utvikling, seier Lilly Gunn Nyheim.
Tittelendringa fører til at rådmann Knut Haugen og assisterande rådmann Gunhild Eidsli frå no av skal omtalast som kommunedirektør og assisterande kommunedirektør.
Ikkje alle var samde i endringa. Fem representantar, alle menn, stemte imot tilrådinga.
– Det å behalde tittelen rådmann kan kanskje høyrest bakstreverk ut, men det er ein avgrensa og veldig godt innarbeidd tittel. Vi snakkar ofte om rådmannskollegiet, og eg trur ikkje noko kryssord er så stort at ein får plass til kommunaldirektørkollegiet, seier Bernt Venås (Sp), og fortsett:
– Når det gjeld titlar som er knytt til menn og kvinner tenker eg ikkje på kjønn når «rådmann» blir nemnd. Frå min ståstad er ikkje dette ein likestillingskamp, og det er heller ikkje slik at dette er noko som må gjerast. Kommunene sjølve bestemmer kva tittel rådmannen skal ha.
Varaordførar Helge Røv (Ap) var nestemann på talarstolen.
– Eg tykkjer dette er ein naturleg del av utviklinga. Dei nye titlane er heilt kjønnsnøytrale, og eg tykkjer vi bør gå for tilrådinga.
Sp-gruppeleiar Margrethe Svinvik støtta og tilrådinga.
– Eg tykkjer det er viktig at vi har eit kjønnsnøytralt omgrep på denne stillinga. Sjølv om kanskje ikkje alle tenkjer på ein mann når ein høyrer «rådmann», henspeilar det likevel på ein mann, seier Svinvik, og legg til:
– Omgrepet kommunedirektør er ikkje godt, det er litt tungt. Sjølv om det ikkje er optimalt, er det den tittelen som vert bruka i det nye lovverket. Difor tykkjer eg vi kan gjennomføre denne endringa.
Marit Granhus Langli (H) gav klart og tydeleg beskjed frå talarstolen om kva ho meinte om saka.
– Dette blir litt som uttrykket «dra meg baklengs inn i fuglekassa». Det blir rett og slett for dumt å argumentere mot kjønnsnøytrale omgrep, som det har vore kjempa for i mange år.
– Og det er no ein gong slik at Stortinget har landa på eit namn, som står i den nye kommunelova, seier Langli.
Ho fortel vidare om at bakgrunnen for endringa er at den nye kommunedirektør-rolla ikkje er heilt lik rådmann-rolla.
– I kommunedirektør-rolla ligg det mellom anna meir sjølvstendig ansvar for internkontroll og meir eksplisitt ansvar for personalkontroll i kommunen.
– Då tykkjer eg det er det er på sin plass å endre tittelen, for vi kan stille kommunedirektøren ansvarleg for fleire ting enn vi kunne stille rådmannen ansvarleg for.
Under avstemninga stemte Bernt Venås (Sp), Ragnar Halle (Sp), Ingebrigt Moen (Sp), Einar Grønnes (Sp) og Jon Bruset (Ap) mot ordføraren si tilråding, medan 22 stemte for.
Knut Haugen og Gunhild Eidsli har frå no av titlane kommunedirektør og assisterande kommunedirektør.