Radar over Rindal
Meteorologisk institutt har lansert ein ny nettstad som blant anna viser radar over Rindal og Trøndelag. Radaren registrerer korleis nedbøren flyttar seg ved å sende ut radarstrålar. Denne nettstaden finn du her og kartet viser kvar det er nedbør (regn, sludd og snø). Fargane viser kor kraftig nedbøren er.
Radaren får tilbake eit ekko når strålane treff nedbørspartiklane.
Animasjonen på kartet viser nedbør dei siste timane. Det siste biletet i animasjonen i er i nær sann tid (det tek om lag 15 minutt å behandle bildet).
I nokre situasjonar blir strålane bøygd og treff bakken, og vi får det vi kallar falske ekko. Eit kjennetekn på falske ekko er at dei flyttar seg svært lite.
I nokre situasjonar blir strålane bøygd og treff bakken, og vi får det vi kallar falske ekko. Eit kjennetekn på falske ekko er at dei flyttar seg svært lite.

.png)

