Ranes kyrkje blir stengt

Fellesrådet i Surnadal får ikkje endane til å møtast. Trong økonomi gjer at dei har måtta gjere vedtak om å stenge Ranes kyrkje. Det er invitert til pressemøte om saka på Surnadal kyrkjelydshus i dag kl. 12.30.

I saksutgreiiga kan du mellom anna lese dette:
 
Fellesrådet har lagt fram eit budsjett for Surnadal kommune med ei videreføring av dagensdrift som innebar ein kostnadsauke i forhold til kommunens økonomiplan . Budsjettvedtaket  frå Surnadal kommune er redusert med 5% i forhold til økonomiplan
 
Dette  får konsekvensar for kyrkja si drift. Under handsaminga av innsparingstiltak har fellesrådet valgt   tiltak som kan takast opp at om den økonomiske situasjonen skulle endre seg.
 
Konsekvensene  av det budsjettvedtaket er følgande:
1. Ranes kyrkje stenges
2. All ekstrahjelp, vikarar og og innleigd arbeidskraft som er lønna av kommunalt tilskott er kutta ut.
- Dette vil føre til stenging av kontor ved ferie ,sjukdom og lignende.
- At det ved sjukdom hos fast tilsette kan bli gudstenester og kyrkjelegehandlingar utan kyrkjetener , organist og klokkar
- At det vil bli minimalt av vedlikehald på kyrkjer og kyrkjegardar. Det vert ikkje leigd inn
ungdom til å slå gras på kyrkjegardane i sommer.
3. 80% (maks. tillatte andel) av moms kompensasjon vert teke inn i drifta og ikkje tilbakeført til
    investering.
4. Festeavgifta vert auka med kr 10 pr grav i året.
 
I tillegg er det skore ned etter ostehøvelprinsippet over alle postar.
 
Heile saka kan du lese under
 
Driva har dette om saka i dag, og hva Tidens Krav skriver finner du her
 

SAk1 budsjett.DOC