Rapport frå fuglebrettet 2
Det har vore ei livleg helg på fuglebbrettet, trass i regn og til dels kalde grader om natta. Mange av meisene har funne seg tilrette - blåmeis, kjøttmeis, granmeis, løvmeis og svartmeis. Ellers er spettmeisen og svarttrasten innom i lag med skjora, mens bokfinken, grønnfinken og bjørkfinken ikkje har reist enno. Sjå mange bilder og stor aktiviitet:
Klikk på bildene og sjå dei større og i serie.
Samtidig behøver ikkje eg å ha rett i korleis fåggel det er - så kom gjerne med kommentarar - redaktor@trollheimsporten.no.
No kjem vi til å vente litt med neste rapport, om det ikkje er noko spesielt som skjer - men følg med! Snart kjem snøen og da blir det spennande tider på fôringsplassen: